Hopp til innhold

Finansierte brønn i Malawi med lettkledd manneauksjon

Med fem mannekroppar på auksjon ville Lise Marit Syftestad samle inn pengar til Malawi. Etter heilkvelden i Volda fekk ho inn over 25.000 til den eigenstarta hjelpeorganisasjonen.

Auksjon for Malawi

Fem mannlege Volda-studentar blei auksjonert vekk på studenthuset Rokken fredag. Inntekta gjekk til Malawi. Her ser ein auksjonsvinnarane saman med auksjonsobjekta. Mennene f.v.: Pål Rostad Nilsen, Sturla Aslaksen, Markus Odland, Eirik Fure og Simon Nitsche.

Foto: Henriette Gauteplass

– Der var absolutt fleire jenter i lokalet. Gutta bydde litt dei òg, men jentene gjekk sigrande ut kvar gong, flirer 20 år gamle Lise Marit Syftestad.

Ho er førsteårsstudent ved Høgskulen i Volda, men store delar av fritida brukar ho på sin eigen hjelpeorganisasjon Malawifriends.

Fredag kveld blei eit lenge planlagt arrangement gjennomført, med over 200 menneske på plass.

Lise Marit Syftestad

Det var bestefaren til Lise Marit Syftestad som gjorde at 20-åringen til slutt starta eigen hjelpeorganisasjon til inntekt for ein landsby i Malawi.

Foto: Malawifriends

– Må tenkje nytt og utradisjonelt

Syftestad er opphavleg får Kvitseid i Telemark, men er på Sunnmøre for å studere samfunnsvitskap.

For om lag eitt år sidan starta ho sin eigen hjelpeorganisasjon, der alt ho får samla inn går uavkorta til prosjekt i landsbyen Chickwawe i Malawi.

– Hovudprosjektet er å få bora opp ein brønn i landsbyen. Det fekk vi finansiert fredag kveld, og vel så det, fortel Syftestad i prat med NRK.

For som ung student, med ein heimebasert frivillig hjelpeorganisasjon, har 20-åringen tenkt nytt.

– Det er viktig å tenkje nytt og utradisjonelt. Dei store hjelpeorganisasjonane kan kanskje ikkje gjere slikt, men eg kan gjere det. Hovudmålgruppa her i Volda var studentar, så då tok eg i bruk det som appellerer.

Nakne kroppar, fest og god stemning

Og kva appellerer til unge studentar? Jau, ein god fest. Litt nakne kroppar skadar heller ikkje.

For ei tid tilbake idémyldra Syftestad saman med venner som hjelp henne på fritida. Då kom ideen om ein auksjon på studenthuset Rokken i Volda.

Med seg på laget fekk dei fem mannlege studentar, der ein kunne vinne date og gratis middag om ein var høgstbydande.

For éi veke sidan publiserte dei ein video, der dei inviterte Volda-publikummet til Rokken. Fem mannfolk skulle auksjonerast vekk til inntekt for ei god sak.

I videoen blei det ikkje spart på krutet.

Saka held fram under videoen.

Babyolje og stemninga i taket

Eirik Fure

Eirik Fure var ein av Volda-studentane som gav alt for å få inn pengar til ei god sak.

Foto: Henriette Gauteplass

Fredag kom auksjonsdagen, med dansegruppe og artist som underhaldning. Hovudattraksjonen var derimot fem menn.

Det siste stipendet hadde ikkje kome studentane i hende, men dei oppmøtte kunne by fredagskvelden og betale når stipendet kom inn på konto. Så betalingsviljen skulle det ikkje stå på.

Førehandsomtale i media og på studentsidene gjorde at publikum pakka seg godt fram mot scena.

– Det skulle jo litt til å toppe videoen, men gutta tok det heilt ut, fortel Syftestad.

Veltrente, nakne mannekroppar. Babyolje, høg musikk og enorm stemning. Då dei fem mannlege studentane blei auksjonerte vekk gjekk den dyraste for 1000 kroner.

Alt i alt blei det 3750 kroner etter berre auksjonsrunden. Til saman samla heilkvelden på Rokken i Volda inn heile 25.031 kroner til Malawifriends.

– Det er jo litt på kanten, men pengane går til ei god sak, så eg synest det er greitt å vere med på dette, fortalte Sturla Aslaksen til NRK då videoen kom ut.

– Håper dei kan lære litt

Tilbakemeldingane etter auksjonskvelden har vore utelukkande positiv, fortel Syftestad.

– Det var vill jubel i salen. Etterpå fekk eg utelukkande fine tilbakemeldingar. Det blei ein bra fest og eit bra tiltak, og pengane går til ei god sak.

Då NRK prata med Røde Kors i Noreg var dei klare på at manneauksjon ikkje var heilt for dei.

– Av og til blir det teke i bruk utradisjonelle metodar for å setje søkjelys på ei sak. Dei tek det nok litt lenger enn vi vanlegvis gjer, sa kommunikasjons- og marknadsdirektør Øistein Mjærum.

20 år gamle Lise Marit Syftestad trur større hjelpeorganisasjonar gjerne kan bli meir sprø.

– Eg håper dei kan lære litt. Om ikkje akkurat eit slikt tiltak, så må ein finne det som appellerer. Ein jobbar for viktige saker.

Saka held fram under bildet.

Landsbyen i Malawi

Alt overskot frå auksjonen, og alle pengane Malawifriends får inn, går uavkorta til landsbyen Chickwawe i Malawi.

Foto: Malawi Friends

Forstår at nokre reagerer

Lise Marit Syftestad

20 år gamle Lise Marit Syftestad frå Kvitseid i Telemark, her på scena under auksjonen fredag, er strålande fornøgd etter det uvanlege tiltaket.

Foto: Henriette Gauteplass

Etter at førehandsvideoen blei publisert på YouTube har det blitt godt med tilbakemeldingar. Ikkje alle har vore utelukkande positive.

– Eg forstår at nokre reagerer, for det er utradisjonelt og folk er ikkje vane til å sjå slikt. Det har vore ein del reaksjonar, men då blir det berre ekstra merksemd om ei god sak, meiner Syftestad.

Eitt døgn etter manneauksjonen er i alle fall 20-åringen utruleg glad. Eit vellukka arrangement betyr at ho får hjelpt landsbyen i Malawi.

– Eg føler verkeleg vi har oppnådd noko. Hovudmålet med kvelden var å få finansiert ein brønn, og det klarte vi.

– Og så bydde eg og vann sjølv i tillegg. Så eg skal på middagsdate, avsluttar Syftestad.