Hopp til innhold

Auksjonerte bort menn for Malawi – no har Lise Marit (21) fått realisert brønnprosjekt

Lise Marit Syftestad (21) driv hjelpeorganisasjonen Malawifriends åleine på fritida. Etter ein vellukka «manneauksjon» for eitt år sidan har studenten no fått realisert brønnprosjekt i Malawi.

Malawifriends

Lise Marit Syftestad (21) og Malawifriends realiserte eit brønnprosjekt i den malawiske landsbyen Chikwawe etter å arrangert eit arrangement i Volda i mai 2013. Der var det mellom anna «manneauksjon».

Foto: Caroline Dokken Wendelborg/Henriette Gauteplass Rygg/montasje / Malawifriends/NRK

– Det er eit flott engasjement. Ein slik solidaritet i praksis er inspirerande, seier kommunikasjonsdirektør Eva Bratholm i Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid.

Eva Bratholm

Eva Bratholm, kommunikasjonsdirektør i Norad, synest det er beundringsverdig det 21-åringen frå Kviteseid får til.

Foto: L-P Lorentz / Norad

Den vesle organisasjonen Malawifriends kjenner ho ikkje til, men ho synest det er imponerande når NRK fortel kva 21 år gamle Lise Marit Syftestad har fått til.

– Det er interessant og spennande. Og så er det flott at ho følgjer opp eit engasjement som har vore i familien, meiner Bratholm.

Ifølgje kommunikasjonsdirektøren er Malawi eitt av landa som Noreg har gode forbindelsar med. Bistanden til det svært fattige landet går bra, og der er fleire gode helseprosjekt.

Ville vidareføre det bestefaren starta

Malawifriends er éin av organisasjonane som bidreg. Per no er heile organisasjonen drive av Lise Marit, frå Kviteseid i Telemark.

Ho starta organisasjonen i 2012 for å vidareføre arbeidet som bestefaren hennar, Birger Høisæt, hadde heldt gåande sidan 1999 i landsbyen Chikwawe i Malawi.

For to år sidan reiste ho, saman med faren, til Malawi for første gong. Sidan då har ein svært stor del av fritida hennar gått med til organisasjonen.

Lise Marit Syftestad

Lise Marit Syftestad fekk besøke landsbyen Chikwawe første gong i 2012. Fotspora etter bestefaren og inntrykka var store.

Foto: Malawifriends

I påska reiste ho på ny til det afrikanske landet, saman med venninnene og støttespelarane Caroline Dokken Wendelborg, Tuva Bjordal og Ingvild Risøe Myrstrand. Målet var å fullføre «PROSJEKT: RENT VANN».

Prosjektet blei finansiert på heller utradisjonelt vis ...

– Viktig å tenkje nytt

I fjor var Lise Marit student ved Høgskulen i Volda, der ho studerte samfunnsvitskap. Etter kvart fortalde ho om prosjektet sitt, noko som verkeleg imponerte medelevar og nye venner.

– Vi syntest det var spennande. Vi fekk eit innblikk og ville hjelpe, fortel Caroline Dokken Wendelborg, éin av tre venninner som blei med Lise Marit til Malawi i april.

Alle tilbakemeldingane og all støtta gjorde at ein innsamlingsaksjon kom i gang. Den 10. mai i 2013 var det arrangement på studenthuset. Hovudattraksjonen: Ein «manneauksjon».

– Det er fem veldig gode venner av meg. Dei «selde» seg verkeleg til ei god sak, flirer Lise Marit.

For med musikk, dans og ein auksjon der ein kunne få datar med dei lettkledde karane, kom det inn over 25.000 kroner til Malawifriends ein fredagskveld i fjor.

– Det er viktig å tenkje nytt og utradisjonelt. Dei store hjelpeorganisasjonane kan kanskje ikkje gjere slikt, men eg kan gjere det. Hovudmålgruppa her i Volda var studentar, så då tok eg i bruk det som appellerer, sa Lise Marit etter arrangementet.

– Brønnprosjektet hadde aldri kome i mål hadde det ikkje vore for studentane i Volda. Eg er utruleg takksam, studiemiljøet i Volda er heilt spesielt, seier ho etter at prosjektet har blitt realisert.

Sjå teaseren som blei brukt før arrangementet i videoen under. Sjå video frå arrangementet her.

Brønnprosjekt i Malawi

Her er eitt av bilda Lise Marit og venninnene har fått tilsendt etter at dei forlèt Malawi. Her er brønnen på veg mot å bli ferdig.

Foto: Privat

Stein til bry

Med finansieringa til brønn i orden planla Lise Marit turen. I påska reiste jentegjengen på fire til Malawi for å realisere prosjektet.

Før jentegjengen på fire, som alle er studentar, reiste sørover hadde dei allereie sett i gang arbeidet. Eit brønnfirma i Malawi hadde starta éi veke før avreise i midten av april.

– På dagen vi reiste til Malawi fekk eg melding om at dei hadde støytt på ein stein og at oppdraget ikkje gjekk. Eg forstod at det kom til å bli langt meir utfordrande enn trudd, fortel Lise Marit.

I staden for å kome ned til eit nær ferdig prosjekt, måtte dei i staden starte prosjektet frå «scratch».

– Dei ropte «Lise, Lise, Lise!»

Då dei kom til Malawi og landsbyen var det derimot menneska, ikkje brønnen, som møtte jentegjengen.

– Det var spesielt å få møte dei igjen. Det var gjensynsglede og ei verkeleg spesiell oppleving. Og så var det kjekt for meg å sjå at mine tre venninner hadde same opplevinga og fell for Malawi slik eg gjorde, fortel Lise Marit.

– Eg har reist ein del i Afrika, men hadde aldri vore i Malawi. Det var grønt, frodig og fantastiske menneske. Då vi kom til landsbyen blei vi møtt med jubel, barna kom springande mot oss og ropte «Lise, Lise, Lise!», seier Caroline til NRK.

Etter å ha blitt vist rundt bar det vidare til brønnen – som var langt frå klar.

Saka held fram under bildet.

Malawifriends

Caroline Dokken Wendelborg (framme t.h.), Tuva Bjordal (til venstre), Ingvild Risøe Myrstrand og Lise Marit Syftestad (nummer to frå høgre) var to veker i Afrika for å realisere brønnprosjektet til Malawifriends.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Malawifriends

Afrika-tid og inspirerande sjef

Brønnprosjektet hadde ikkje fungert så langt, men både dei fire frå Malawifriends og landsbyen heiv seg rundt. Det blei hyra inn eit nytt firma som var veldig bra.

Brønnprosjekt i Malawi

Her har gravinga i brønnprosjektet nettopp starta. Ti meter ned og med gode system seinare er vatnet klart.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Malawifriends

– Men dekninga var dårleg, så kommunikasjonen var vanskeleg. I tillegg har dei veldig god tid i Afrika. Ein vil gjerne få ting gjort, men dei tek det ganske roleg, seier Lise Marit.

På heilt siste dag i landsbyen kom derimot gravinga i gang.

– Heilt tidleg siste dag var det endeleg i gang. Brønnfirmaet hadde sjefen med, vi fekk møtt han og arbeidarane og fekk vere med på starten av bygginga.

21-åringen fortel om ein tankevekkjande samtale med leiaren i brønnfirmaet.

– Han sa gang på gang kor viktig vatnet var. «Water is hope, water is health», sa han. Vatnet redda liv, for utan vatn har ein nesten ingenting. Når vassdropane kjem så har det noko å seie for folk si framtid, seier Lise Marit.

Gjennom eit lengre intervju høyrest det som ut som ho drøymer seg tilbake til Malawi. Ho og organisasjonen fekk fortløpande tilsendt bilde i etterkant og har fått sett at brønnsystemet fungerer.

– Når vi kjem tilbake så er der vatn. Det blir pumpa opp cirka sju liter vatn i sekundet, og anlegget reinsar vatnet. Landsbyen har no reint vatn til seg sjølve, dyr og avlingar, fortel styraren i Malawifriends.

Malawifriends

Studentgjengen som reiste til Malawi føre eit heller vakkert afrikansk landskap.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Malawifriends

– Det triggar oss veldig

Caroline Dokken Wendelborg fortel at heile prosjektet og turen verkeleg har gjort dei lystne på å gjere meir.

– Det triggar oss veldig å reise til Malawi og hjelpe organisasjonen til Lise. Å styrke eit sivilsamfunn er ein veldig god ting ved at det gjev hjelp til sjølvhjelp, seier ho.

Ho fortel at det kom om lag 200 menneske siste dag dei var i landsbyen.

– Det er positivt å sjå at små ting verkeleg hjelper. Tidlegare har det blitt gjeve lisens til å produsere tobakk. Vi såg korleis det har utvikla seg, med fleire arbeidsplassar, betre inntekter og betre levekår. Det same er med brønnen; det utgjer ein stor forskjell i det vesle samfunnet der nede, fortel Caroline.

Lise Marit fortel at det no har vore merkeleg å kome heim.

– Ein blir forandra, set pris på det ein har og ser på ting med litt nye auge. No gler eg meg berre til å få spart opp nok pengar til å reise ned igjen, fortel 21-åringen.

Har vore åleine

No har ho òg byrja å jobbe inn mot samarbeidspartnarar for åra som kjem. Per no er ho «på ein måte åleine».

– For vi er ikkje ein organisasjon med faste frivillige eller faste medlemmer. Det tek tid å bygge opp, men no har eg jo fått med meg tre frivillige. Etter turen at har dei blitt så «bitne» at dei vil jobbe meir med det. Det er moro og eg set utruleg pris på det, seier Lise Marit.

– Å drive ein slik organisasjon er ganske stort når du er 21 år. Folk synest det er imponerande og vil hjelpe, både med positive innspel og engasjement. Når ein ser at ting går bra blir engasjementet endå større, fortel Caroline.

Brønnprosjekt i Malawi

Her er brønnen i Malawi nesten ferdig. Neste mål og ønskje for Malawifriends er å byggje skulebygg.

Foto: Privat

Med eit team på plass håper Lise Marit at Malawifriends med tida kan bli ein større organisasjon.

– Akkurat no går det rundt med den økonomiske støtta vi får gjennom aksjonane. Etter kvart vil eg derimot ha kapasitet til å ha fleire frivillige og fleire medlemmar, slår Lise Marit fast.

– Viktig at private organisasjonar er berekraftige

Kommunikasjonsdirektør Eva Bratholm i Norad håper 21-åringen frå Telemark held organisasjonen levande i lang, lang tid.

Det kan nemleg vere viktig. Bratholm er klar på at ho uttaler seg på generelt grunnlag og ikkje om Malawifriends som organisasjon.

– Det viktige med private organisasjonar er at dei må vere berekraftige og at dei held ut ei stund. Ein del som startar opp har ikkje uthald til å halde fram, og det kan vere eit problem, seier Bratholm.

For Lise Marit og Malawifriends er det derimot ingen planar om å stoppe. Allereie no i sommar førebur ho ein ny innsamlingsaksjon.

– Eg har allereie byrja å planlegge ein ny aksjon i sommar, då for å samle inn pengar til eit skuleprosjekt, fortel 21-åringen, som vil prøve å halde kontakt med større hjelpeorganisasjonar for lærdom, inspirasjon og kunnskap.

Store mål og ønskje

For ho har store planar vidare for organisasjonen.

– Eitt av dei store måla og ønskja er eit nytt prosjekt for landsbyane i området. Eg har lyst å gjere noko som gagnar fleire enn berre landsbyen, noko som gjev utslag for mange i nærleiken, fortel Syftestad.

Ho har allereie prata med landsbyen om skulebygging, og håper å få realisert det nye prosjektet i løpet av nokre år.

– Det er så tydeleg at om ein har litt utdanning, så kjem ein mykje lenger. Så det blir neste skritt på vegen og eitt av framtidsprosjekta eg har i tankane.

Saka held fram under bildet.

Malawifriends

Barna i Chikwawe kjenner Lise Marit Syftestad og familien hennar godt gjennom mange år.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / Malawifriends
Lise Marit Syftestad

Her er Lise Marit under arrangementet i Volda i 2013. Ho satsar på fleire arrangement i studentbyen ved eit seinare høve.

Foto: Henriette Gauteplass

– Slepper ikkje unna

Lise Marit sjølv studerer for tida i Aarhus. Den største læringa så langt har ho derimot fått frå Malawifriends.

– Etter denne turen har eg i alle fall lært at ting tek tid og at tidsperspektiv i Noreg og Afrika er to forskjellige ting. Og at vi set forskjellige ting i fokus, seier ho.

– Og eg har ikkje minst lært at ein verkeleg må planlegge for at ting skal gå som planlagt. Ein må alltid ha plan B og C.

I tillegg fortel ho at læringa gjennom det å styre eit prosjekt og å vere leiar er glimrande.

– Eg trur eg har blitt ein betre leiar gjennom arbeidet i Malawifriends, læring som eg får brukt vidare i livet. Eg lærer mykje gjennom å drive organisasjonen. Det å ha respekt for andre menneske, det å forstå korleis andre lever og det å forstå andre kulturar.

– Eg har blitt utruleg vaksen i løpet av dette prosjektet. Det gjer noko med ein. Ein slepper ikkje unna læring!, avsluttar 21-åringen – med eigen hjelpeorganisasjon.

  • Les meir om Lise Marit og Malawifriends her