Atle Knutsen som har hatt regi på Linus i svingen og Jul i svingen skal stå for både manus og regi. Serien skal spelast inn vinteren 2011 og blir sendt på NRK hausten 2011.
Oppfinnsame niåringar
I Vaffelhjarte følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.
•
•
Brageprisnominasjon
Vaffelhjarte vart nominer til Brageprisen i 2005, og er selt til seks land.
Parrs andre bok som kom i fjor, Tonje Glimmerdal, har også vore ein stor suksess for Samlaget. Boka som har eit opplag på 12 000, vann Brageprisen og vart nominert til Bokhandlarprisen. I tillegg er boka førebels selt til fem land.
Maria Parr (f. 1981) er frå Fiskå i Vanylven. Ho studerer for tida ved Høgskulen i Volda.