Hopp til innhold

Ny vår for golfentusiastar i vinter

- Vi har vel spelt golf 12-14 gonger i januar. Det har eg aldri opplevd før, fortel Kjetil Hasund. Golfentusiast frå Ulsteinvik.

Vintergolf

Det er dei stabile verforholda i vinter som gjer at Kjetil Hasund (71) og pensjonistkompisane hans kan fråtse i gode vintergolfbaner på Sunnmøre og Nordfjord.

Golfbana på Hareid

Golfbana på Hareid ligg idyllisk til.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Her ein dag var vi på bana i Volda, neste dag i Vanylven og no er vi her på bana i Hareid, fortel den pensjonerte bankmannen, kanskje betre kjend for mange som ein habil fotballspelar for nokre tiår sidan.

Men no er det mindre ballar som opptek fritida til Kjetil Hasund. Han spelar golf så ofte han kan, og reiser til utlandet også for å dyrke lidenskapen. Nyleg var han i Portugal og spelte og i slutten av mars er det ein stor gjeng som reiser til Tyrkia for å få spelt mest muleg golf.

Sosialt og konkurranse

- Det er jo sosialt dette her, litt trim også og litt konkurranse, seier den gamle storscoraren på fotballbana. Konkurransen er jo mest mot oss sjølve då, legg han til.

Også Olav Johansen og John Stennes er med på golfbana denne februardagen når NRK er på besøk. I tillegg er Jack Pettersen ein fast mann på turane, men han hadde ikkje høve til å vere med denne dagen.

Kjetil Hasund, golfentusiast og tidlegare storscorar på fotballbana

Kjetil Hasund, golfentusiast.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjetil Hasund er glad i å trimme, men eit kranglete kne gjer at turar på fjellet ikkje er så aktuelt lenger. Då er golf perfekt, for her er det greitt å bruke beina, seier han. Men korleis vil han samanlikne golf med fotball ?

- Det er jo litt dei same prinsippa då. Om du skal få til eit godt slag så må du slå "gjennom ballen" og det same var det vel om du skulle få til eit godt skot på fotballbana. Men ein har sjølvsagt betre tid til å tenke seg om på golfbana, seier Kjetil Hasund som står bokført med 16 A-landskampar, men det var i fotball!

- Eg har i alle fall funne måten min å trimme på og vil oppmode alle som vil ha ein fin idrett om å starte med golf, seier han.

Golfarane fryktar ikkje ein snørik siste del av februar eller mars, men som Kjetil Hasund seier: - Ein veit no aldri dette veret då, men i år har det i alle fall vore fantastisk.

Golfbana på Hareid

Delar av golfbana på Hareid. Her fotografert frå fjellet Hovdenakken.

Foto: Arne Flatin / NRK