Hopp til innhold

No ror Ragnar igjen

For ei veke sidan måtte Ragnar Thorseth avbryte roturen til Shetland på grunn av sjukdom. No er han i gang med å ro tilbake til Noreg.

Ragnar Thorseth legg frå kai i Fosnavåg og ror mot Shetland

Eventyraren Ragnar Thorseth har bestemt seg for å ro tilbake frå Shetland til Noreg. 7. juli måtte han avbryte etappen til Shetland på grunn av sjukdom.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I midten av juni reiste 67 år gamle Ragnar Thorseth frå Fosnavåg og sette kursen mot Shetland via Sogn. Planen var å ro dei 320 kilometerane til Shetland, og så tilbake igjen.

Ragnar Thorseth

Ragnar Thorseth klar for avreise i juni.

Foto: Lena Høyberg / NRK

7. juli måtte Thorseth bryte etappen på grunn av sjukdom, og vart taua til Out Skerries på Shetland.

No har han byrja på reisa tilbake til Noreg, og i ellevetida onsdag var Thorseth tilbake i båten.

– Eg reiste frå Shetland i går. Akkurat no er eg midt på sjøen, men ikkje lenger ute enn at eg ser nordspissen av Shetland, seier eventyraren til NRK.no.

Satsar på å vere heime til 1. august

I 1969 var han den første som rodde åleine frå Måløy til Lerwick i Shetland. Då var han 21 år. Han segla også jorda rundt med vikingsskipet Saga Siglar og drog ut på fleire dristige båtturar.

Ragnar Thorseth

I 1969 var Ragnar Thorseth den første som rodde åleine frå Måløy til Lerwick i Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Til trass for fleire utfordringar tek Thorseth sikte på å vere heime til 1. august, som planlagt.

– Eg føler meg sterk og er i bra form. Fosnavåg blir truleg ikkje den første hamna eg kjem til, men det viktigaste er ikkje kvar eg kjem, men at eg kjem dit fort og trygt, held han fram.

Godt rusta

67-åringen er enno ikkje heilt frisk, men meiner sjølv at han er godt førebudd på reisa tilbake til Noreg.

Her er Ragnar Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland

Her er Ragnar Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg er framleis svært stiv og låk i nakken, men det går fint så lenge eg sit stille og ror. Det er verre når eg snur på nakken, seier Thorseth.

– Men det er ikkje synd i meg. Eg likar å ro, og eg likar hardt fysisk arbeid, så dette går fint. Eg har alt eg treng av mat og utstyr, held han fram.

Den 67 år gamle eventyraren får mykje tid til å tenke når han er ute på det opne havet, og Thorseth fortel at han tenker mykje på dei som sit att heime.

– Eg tenker mykje på borna mine, og kona mi sjølvsagt. Ho snakkar eg med to gongar kvar dag, seier Thorseth som fortel at han ser fram til å kome heim.

Ragnar Thorseth ror til Shetland
Kart rotur Shetland