NRK Meny
Normal

Her ror Ragnar igjen

FOSNAVÅG (NRK): I eit ufyseleg regnvêr set eventyraren Ragnar Thorseth frå Tjørvåg seg i robåten igjen i dag. Han skal ro Noreg-Shetland tur-retur.

Ragnar Thorseth ror til Shetland

Ragnar Torseth (67) legg frå kai og set kursen mot Utvær før han vil krysse det opne havet mot Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Her er Ragnar Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland

Her er Ragnar Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Ragnar Thorseth

Thorseth var ved godt mot før han sette seg i båten.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Ragnar Thorseth ror til Shetland

Han skal ro til og frå Shetland, ei reise på kilometer. Og han grudde seg ikkje i det heile.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Tåka heng tjukt i lufta og det regnar tett når 67 år gamle Ragnar Thorseth i dag legg ut på nye eventyr. I 1969 var han den første som rodde åleine frå Måløy til Lerwick i Shetland. Då var han 21 år. Han segla også jorda rundt med vikingsskipet Saga Siglar og drog ut på fleire dristige båtturar. Det spesielle med turen han legg ut på no, er ikkje berre at han har blitt pensjonist og har dårleg helse. Han skal også ro heim att frå Shetland.

– Eg vil ikkje ha eit slik ver som det er i dag og torsdag. Sørvest er dritver, seier Thorseth.

Første etappe går sørover langs kysten med mange stopp. Målet er å vere på Utvær 1. juli, før han legg ut på storhavet. Håpet er at vêret skal betre seg undervegs.

Alvorleg skadd

For snart 15 år sidan vart Thorseth alvorleg skadd i ei rideulykke. Han var medvitslaus i ein månad og svevde mellom liv og død. Etterpå vart han erklært 100 prosent arbeidsufør og 70 prosent medisinsk invalid. Nokre meiner det er galskap at Thorseth legg ut på tur, men sjølv ler han av det.

– Ein ven av meg i Thailand meiner at eg skal svare dette til alle dei som meiner eg er gal: Tusen takk og eg er i eit stort og godt selskap, seier eventyraren.

Gå til forsiden

Ragnar Thorseth ror til Shetland

Ragnar Thorseth

Ragnar Thorseth ror til Shetland

15 bilder

    Godt rusta

    Båten er godt utrusta til den lange ferda. Solcellepanel lader batteria som driv alle instrument om bord, som navigering, kommunikasjonsutstyr og filmkamera. Under båten har han ein propell, som gir han litt ekstra når han treng det. Til havs reknar Thorseth med at han må ro nesten heile tida.

    – Då eg kom fram til Shetland i 1969 kunne eg slå tretoms snikarar i ein planke berre med innsida på handa, ler Thorseth. Fingrane var full av trebole. Ullvottane er sjølvsagt med i båten for å spare fingrane litt.

    Kona Pen skal ikkje vere med, men Thorseth har med bilete av henne i båten og rundt halsen heng eine visdomstanna hennar.

    – Eg skal til Shetland, men ikkje minst skal eg heim att, seier Thorseth. Etter planen skal han vere heime att i Fosnavåg 1. august klokka 12.

    Ragnar Thorseth ror til Shetland

    Bilde fra Bergefilm.

    Det er 14 år sidan Ragnar Thorseth frå Herøy var ute på sitt førre eventyr. Det er om lag like lenge sidan den dramatiske ulukka som mange trudde ville setje han på sidelinja for alltid. No vil den gamle eventyraren jobbe, leve og overgå gamle robragder.
    Frå fjernsynsarkivet i 1985 på Galapagos: Reportasje om Ragnar Thorseth skal segle verda rundt i Saga Siglar.