Hopp til innhold

Thorseth kom heim- men er ikkje heilt nøgd med roturen

Ragnar Thorseth (67) har i sommar rodd frå Noreg til Shetland, og attende. I dag kom han heim til Fosnavåg. – Eg er glad for at eg gjorde det, men alt kunne ha vore betre, seier han.

Ragnar Thorseth kom heim etter Shetlandtur

Ragnar Thorseth rodde frå Fosnavåg den 10. juni, og laurdag den 1. august kom han attende frå Shetland.

Mange hadde møtt opp på kaia då eventyraren Ragnar Thorseth kom heim til Fosnavåg. Eventyraren sakna mest av alle kona Pen.

– Det er i grunn først i dag at eg er skikkeleg klar for tur-retur Nordsjøen. Hadde eg fått eit par dagar på meg, men det hadde vore vondt å reise frå Pen. Eg trur eg let vere, seier Thorseth. Turen gjekk ikkje akkurat slik han hadde planlagt.

Treig start

Ragnar Thorseth

MOTGANG: Thorseth møtte mykje motgang, men meiner at han i dag er betre førebudd enn han var i juni.

Foto: Berge Myrene / NRK

Ragnar Thorseth sjøsette båten i fjor, og då var eventyraren som kallar seg «skald og entreprenør i opplevingar», klar for å ro til Shetland.

Han starta i Fosnavåg den 10. juni i år, men måtte knele for vêret då bårene slo over færingen.

– Det var ein litt treig start. Eg rodde i stiv sørvest kuling, og eg fekk ikkje dra sørover som eg ville, seier Thorseth.

Sjøkrigaren som aldri blir for gamal for nye eventyr kunne ikkje gi seg.

Måtte bryte

Ragnar Thorseth møtte motgang igjen ein knapp månad etterpå, den 7. juli. Han måtte bryte etappen, og vart taua den siste delen inn til Out Skerries på Shetland.

– Eg fekk forferdelege smerter i nakke og venstre skulder, og måtte mot mi prinsipielle vilje ta slep på følgjebåten min «Hilding», seier han.

– Eg var lam. Eg låg rett ut på tiljea, og greidde nesten ikkje bevege meg. Det svake leddet i dette prosjektet var ikkje båten, det var eg, seier han.

Rodde attende

Folket tok imot Ragnar Thorseth

Mange møtte opp for å ynskje Thorseth velkomen heim att etter roturen.

Foto: Berge Myrene / NRK

Han hadde bestemt seg for å gi opp, men endra meining. Den 14. juli trassa eventyraren smertene, og byrja å ro attende til Noreg.

– Eg såg vel litt mørkt på det, men nakken og skuldra vart betre, og eg fekk rodd litt i Lerwick. Eg bestemte meg for å prøve heimturen også, og det gjekk veldig bra, seier han og legg til at litt juks måtte til.

Båten vart slept opp forbi Baltasound, der eventyraren kom seg inn i ein god straum.

– Det heldt ein til ein og ein halv knop i timen, og me fekk vestavind. Då gjekk det veldig radig heimover, seier han.

Håpar folk møter opp

Båten måtte også slepast i eit par timar då Thorseth kom til nokre boreplattformer. Deretter segla, rodde, og dreiv Thorseth med straumen vidare. Han nådde Noreg, og på land i Florø venta over tjue personar med flagg og jubel.

Per Sævik og Ragnar Thorseth

Ragnar Thorseth i samtale med støttespelar Per Sævik.

Foto: Berge Myrene / NRK

I dag stod både kona Pen, sponsorar og bygdefolket klare på kaia i Fosnavågen.

– Det største er sjølvsagt å treffe mi kjære kone Pen, som eg har snakka med to gongar for dag sidan eg reiste, seier Thorseth.

Han anbefaler alle å dra på rotur. Ikkje nødvendigvis til Shetland og attende, men det er ei oppleving å ro. Det er godt for kropp og sjel, seier Ragnar Thorseth.

SJÅ OGSÅ:

Det er 14 år sidan Ragnar Thorseth frå Herøy var ute på sitt førre eventyr. Det er om lag like lenge sidan den dramatiske ulukka som mange trudde ville setje han på sidelinja for alltid. No vil den gamle eventyraren jobbe, leve og overgå gamle robragder.

SJÅ SAKA: Sjå saka NRK har laga tidlegare om Ragnar Thorseth som trenar seg opp for å kunne ro frå Fosnavåg, og til Shetland.

Norsk dokumentar. Eventyreren Ragnar Thorseth har beseiret snø og kulde, orkaner og opprørt hav.
Men en ulykke under en liten ridetur for 10 år siden satte en stopper for alt.
Han har kommet seg på beina, men er det mulig å komme seg på hesteryggen igjen?

SJÅ OGSÅ: Eventyraren Ragnar Thorseth har sigra over snø og kulde, orkanar og opprørt hav, men ei ulykke under ein ridetur i 2001 sette ein stoppar for alt. Han har komme seg på beina, men er det mogleg å komme seg på hesteryggen att? Dokumentar frå 2011.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL