Hopp til innhold

Nevstad: – Forstår at supporterane er skuffa

Sportssjef André Nevstad i Hødd skjønnar at supporterane er frustrerte over utlånet av backen Akeem Latifu til AaFK, men seier dette var den beste løysinga for klubben.

Andre Nevstad

– Vi følte aldri noko press frå AaFK. Det som kom ut i media var heller øydeleggjande for heile prosessen, og vi hadde heller likt å ta dialogen direkte med Aalesund, seier sportssjef André Nevstad i Hødd om adm.dir. Henrik Hoff si utblåsing i Sunnmørsposten tidlegare i veka.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er både skuffande og trist. Vi har jo hatt eit håp om opprykk, men når vi ikkje klarer å behalde Latifu, som er ein av nøkkelspelarane våre, så vitnar ikkje akkurat det om høge ambisjonar, sa talsmann for Blåsarane, Kåre Henning Gardshol til NRK i går.

Han kunne melde om ein skuffa supportergjeng som sat på bussen til søndagens bortekamp mot HamKam.

Gleda over å få inn eit nytt og spennande talent i Herd-spelaren Jonas Ingebrigtsen (21) blir lett overskyggja av å låne ut ein av klubbens beste spelarar til naboklubben i Ålesund.

Avviser press

Kåre Henning Gardshol

Pressetalsmann Kåre Henning Gardshol i Hødd sin supporterklubb – Blåsarane – uttrykker sin misnøye med utlånet av Akeem Latifu.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Sportssjef André Nevstad i Hødd seier han har full forståing for at supporterane er skuffa, men ber om at tilhengarane støtta avgjera, som blei fatta av eit samla styre, trenarkorps og administrasjon.

– Vi håpar og trur på forståing for at vi i klubben gjer alt vi kan for at Hødd skal vere best mogleg til kvar og ein tid. Vi hadde så klart eit ønskje om å ha med Akeem (Latifu) vidare, men slik blei det ikkje, seier Nevstad.

Han understrekar at det hovudsakleg var spelaren sitt eige ønskje om klubbskifte som var utslagsgjevande, og avviser at avtalen kom i hamn som følgje av press frå AaFK i media.

Øydeleggjande medieutspel

Tidlegare i veka gjekk nemleg AaFK sin adm.dir. Henrik Hoff ut i Sunnmørsposten, og refsa Hødd for å ikkje ha fnugg av vilje til til å samarbeide, trass i at Aalesund har bidrege med låneavtalar og spelarar til Ulsteinvik-klubben i ei årrekkje.

Då AaFK la inn bod på Latifu for kort tid sidan, kravde Hødd eit millionbeløp for spelaren. Det fekk Hoff til å sjå raudt. Nevstad seier det aldri var aktuelt å selje spelaren til Aalesund på det aktuelle bodet, og at ein heller blei einige om utlån.

– Vi følte aldri noko press frå AaFK. Det som kom ut i media var heller øydeleggjande for heile prosessen, og vi hadde heller likt å ta dialogen direkte med Aalesund.

Sportssjefen seier dei sjølvsagt er mest interessert i å ta vare på Hødd sin interesser.

Når det gjeld nysigneringa Jonas Ingebrigtsen frå Herd, trur Nevstad han vil klare å fylle Latifu sine sko på sikt.

– Vi har følgt han lenge, og sett at han er ein haldningssterk og offensiv spelar som vi trur vil passe godt inn. Vi trur Jonas vil gjere ein god jobb hjå oss.

  • Hødd møter Ham Kam til dyst på bortebane søndag kl. 18.00
Akeem LAtifu

Akeem Latifu har spelt seg inn i supporterane sine hjarter frå sin backplass. Her i duell med Haugesund-spelar Pontus Engblom frå ein tidlegare kamp.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix