Vedtaket blir gjort i Stortinget komande måndag. Løyvinga er på 945 millionar kroner.
Oppdølsstranda har alltid vore sett på som ei rasutsett strekning. Men det var raset seint søndag kveld 24. august 2008 som sette fart i kravet om rassikring. Eit streinskred traff to bilar. Føraren av den eine bilen blei skadd.
Kriseleiinga i Sunndal kommune blei hastig innkalla, vegen blei stengd i lengre tid, og det blei etablert båtskyss forbi rasstaden.
Rasfaren blei ytterlegare understreka, då det på nytt gjekk ras i juni 2009. Planane for rassikring blei framskunda, og måndag vedtek Stortinget å løyve nesten ein milliard kroner til prosjektet.
– Oppdølsstranda låg opprinneleg langt bak i prioriteringskøa når det galdt rassikring. Men vi mobiliserte breidt både i Sunndal og i nabokommunane. Vi har blitt høyrt og vi har fått pengar mykje tidlegare enn det som var planen, seier stortingsrepresentant Tove-Lise Torve.
I løpet av våren tek anleggsarbeidet til. Mange har sett fram til at arbeidet med tunnelane skal byrje. Tunnelen blir 7,5 kilometer lang. Arbeidet skal gå fort, dermed blir arbeidet sett i gang på fire forskjellige stader stamstundes. I tillegg til tunnelen skal detbyggast 9 kilometer veg.
– Reguleringsarbeidet er ferdig, og no kan vi ta til med tunnelbygginga. Dette er heilt fantastisk. No har vi rassikker veg om få år, seier Tove-Lise Torve.
Prosjektet skal vere ferdig ved årsskiftet 2013/2014.