Normal

- Glad du ikkje var i raset mamma!

Maja Dalsbø gråt av glede då ho høyrde dottera si stemme i telefonen.

Maja Dalsbø

Frykta det verste. Maja Dalsbø (til venstre) gråt då ho fekk meldinga om raset langs Oppdølsstranda. Heile familien har køyrd strekninga før raset gjekk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Eg snakka med dottera mi så eg veit at ho lever, fortel ho.

Før raset som gjekk på Oppdølsstranda fredag hadde heile familien Dalsbø køyrd forbi ras-staden på ulike tidspunkt.

Flaks

Vegen blir opna i løpet av fredagen, men sjølv om Statens Vegvesen no vurderer strekninga som trygg har hendinga satt ein støkk i lokalbefolkninga.

- Eg blir aldeles kvalm. Eg starta å grine når eg høyrde det hadde gått ras, fortel Maja Dalsbø.

- Kvifor?

- Eg har køyrd der i dag, dottera har køyrd der i dag og mannen min har køyrd der i dag. Eg veit det er flaks og kor mange gonger skal vi ha flaks?

Krev båtskyss

Slik er kvardagen for dei som køyrer gjennom Oppdølsstranda. Etter eit stort ras i august i fjor vart det oppretta båtskyss for skuleelevane som måtte køyre denne strekninga.

Men på grunn av pengemangel vart det slutt på båtskyssen. Fredag då det på nytt gjekk ras gjekk skulebussen som normalt. Det vil Sunndalsordførar Tove Lise Torve ha slutt på.

- No må vi bli høyrd oppover i systemet slik vi får båtskyss fram til ny tunnel er på plass, seier ho.

Lev med frykta

Men utan båtskyssen må folket leve med uvissa, fortel Maja Dalsbø.

- Dette er kvardagen vår!

- Vi lev med angsten kvar dag. Det er vondt å ikkje bli høyrd og trudd. At det er snakk om pengar.

Berre få sekund før raset køyrde siste bilen gjennom, og unngjekk så vidt å bli treft av raset.