Hopp til innhold

Når livnar det i lundar?

Ikkje med det første, ifølge vêrvarslinga. Det vil seie at vi må rekne med litt snø og låg temperatur både i dag og i morgon. Men seinare i veka er det håp om betre ver og høgare temperatur.

Stordal i snø

Stordal i snø denne aprilhelga.

Foto: Stein Erik Busengdal

Sjølv om det har byrja å lauvast i li, så er både laus og anna dei fleste stader dekt av meir eller mindre snø. Mest naturleg nok i høgda og i indre strok. Men også langs kysten er det kvitt.

Slik vil det vere både eit par dagar til. For dagen i dag varslar meteorologane kald og ustabil luft frå nordvest eller nord. Det gir framleis nokre snø- eller sluddbyer, men også periodar med litt sol. I kveld er det venta vind av skiftande retning og mindre nedbør.

Også i morgon er det venta enkelte sludd- eller snøbyer, men med periodar med sol. Trass i solglimta blir det kjølig. Det er venta skiftande bris, seinare nordaust opp i frist bris. På kysten av Møre og Romsdal kan det bli stiv kuling.

Seinare i veka stig temperaturen, og det kan bli tosifra tal på gradestokken. Då kan vi prøve å sette vekk snøskuffa igjen, og heller starte arbeidet med å kvesse hekksaksa.

Vinteren tilbake på Eidsa

Snøen ligg heilt ned i fjøresteinane på Eidså.

Foto: Heidi Ringdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL