Hopp til innhold

– Det var eit utruleg møte

Det vart eit spesielt møte for Endre Skiri då han fekk sjå att den livlause jenta som han og kameraten drog opp frå elva Rauma. For denne gongen var ho langt frå livlaus.

Deborah Merk

Det vart eit spesielt møte for dei begge då 13-årige Deborah Merk fekk møte den eine redningsmannen sin, 17-åringen Endre Skiri, etter ein dramatisk kanovelt i Rauma. Mellom dei to sit den takksame mora Ulrike Merk.

Foto: Stein Siem / Åndalsnes Avis

Redningsmenn i Rauma

Aslak Palmstrøm Augestad (20) og Endre Skiri (17) på staden dei drog den 13-årige jenta i land.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det er ei søt jente med fortreffeleg humor!

Det fortel ein glad Endre Skiri om sjukehusbesøket på St. Olavs Hospital i Trondheim, knappe tre veker etter den dramatiske redningsaksjonen i Rauma.

Onsdag 26. juni var 13 år gamle Deborah Merk frå Tyskland på kanotur saman med storesystera då kanoen velta og ho mista medvitet.

Jenta var døden nær då Endre Skiri (17) og Aslak Palmstrøm Augestad (20) fekk dratt ho i land. Men takka vere den iherdige innsatsen til dei to unge mennene, var det eit heilt anna syn som møtte Skiri på sjukehuset.

Har blitt venner

Ulykke Rauma

Det var svært dramatisk då den 13 år gamle jenta og systera velta i elva Rauma den 26. juni.

Foto: Øystein Talberg / Åndalsnes avis

Litt medtatt etter seks døgn i koma, men smilande og lys vaken; slik skildrar Åndalsnes Avis som var med han møtte tenåringsjenta som han redda frå drukningsdøden. Ifølgje avisa hadde 17-åringen vore nervøs i forkant av møtet og trudde det ville bli ei merkeleg oppleving.

– Det var jo rart å tenkje på. Då eg såg ho sist var ho jo død, seier Skiri.

Til NRK fortel han derimot om eit fint og hyggeleg møte.

– Under besøket gjekk praten lett. Vi har absolutt blitt vennar! seier han.

– Det var eit utruleg møte. Eg føler det har blitt knytt eit band mellom oss no, legg han til.

– Veit at ho har det bra

Før besøket hadde Skiri uroa seg over korleis det gjekk med den unge jenta.

Skiri er no attende i Åndalsnes og har allereie vore fleire gonger attende ved elvebreidden der han og venen redda den livlause jenta.

– Eg har ikkje noko traumatisk oppleving av å vere der, for no veit eg at ho har det bra. Det kjenst godt for hjartet, seier ein letta Skiri.

Gjenforeining i Berlin

Både han og den andre redningsmannen, kompisen Aslak, har kontakt med Deborah og storesystera på Facebook, fortel Skiri. 17-åringen synest likevel det er dumt at kompisen ikkje fekk bli med på møtet i Trondheim på grunn av feriereise. Men, avslører han, det vil nok bli fleire moglegheiter.

– No er ho allereie reist attende til Tyskland og held fram behandlinga der. Mora vil gjerne at vi skal dra til Berlin og møte dei igjen. Det kjem vi nok til å gjere, smiler Skiri.

Jenta skal no vere i fin form. Ifølgje Romsdals Budstikke, har ho litt vatn i lungene og lett lungebetennelse.

Sjå TV-reportasjen frå hendinga:

To kameratar er dei store heltane i Rauma etter at dei i dag redda ei livlaus jente opp av elva. Den tyske trettenåringen og søstera hennar velta i kano. Tilstanden til jenta er i kveld alvorleg, men stabil.

Sjå TV-reportasjen: