Hopp til innhold

Moped og bil kolliderte i Kristiansund

Ein tenåring på moped vart sendt til sjukehus etter kollisjon med ein bil i Kristiansund sentrum.

Bil mot moped i Kristiansund

Ulukka skjedde i Kristiansund sentrum og føraren av mopeden var ei stund fastklemt under bilen.

Foto: Roar Halten / NRK

Ulukka skjedde i Langveien, i avkøyrsla til Vanndamman i Kristiansund. Politiet fekk melding klokka 17.55 og då var føraren av mopeden fastklemt under bilen. Naudetatane fekk laus mopedføraren og starta behandling på staden.

– Guten var medviten då han vart køyrt til sjukehus, seier Frode Gjøsund ved operasjonssentralen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Skadeomfanget er så langt ukjent.

Politiet er på staden og pratar med vitne som såg ulukka. Det er ikkje mistanke om høg fart eller promillekøyring. Politiet trur det kan vere snakk om ein påkøyrsel bak frå. Føraren av bilen vart ikkje skadd.

Kristiansund