Hopp til innhold

Meiner dei har blitt knebla og melder seg ut av Høgre

Både ordførarkandidaten til Kristiansund Høgre og styreleiaren meiner dei har blitt truga av den sentrale partileiinga i sjukehussaka. No melder dei seg ut av partiet i protest.

Demonstrasjon Kristiansund

Tore Gujord og Vidar Solli meiner dei har fått beskjed om å slutte å diskutere sjukehussaka av den sentrale partileiinga.

Foto: Roar Halten / nrk

Vidar Solli

Vidar Solli gir seg i politikken.

Foto: Kristiansund Høyre

Måndag denne veka hadde Kristiansund Høgre besøk av den sentrale partileiinga. Det var etter dette oppvaskmøtet det toppa seg for ordførarkandidat Vidar Solli og styreleiar Tore Gujord, skriv Tidens Krav. Også varaordførarkandidat Elise Ulseth Neergaard trekker seg.

– Slik vi oppfatta det vart det sett ein del ultimatum om at vi små slutte å diskutere sjukehussaka dersom vi skal vente å få støtte til andre viktige saker framover, seier Solli til NRK.

  • Les alt om sjukehusstriden HER

Trugsel

Han oppfattar det som ei sterk oppmoding eller trugsel og seier at det er han ikkje interessert i å vere med på.

Solli melde seg ut av partiet i dag og er dermed ute av politikken. Styreleiar Tore Gujord melde seg ut torsdag.

Solli seier at dei har vore svært usamde i korleis Høgre sentralt har handsama sjukehussaka.

– Når dei på toppen av det heile skal diktere kva oppfatningar vi skal ha, for å ha politisk innverknad, då er det slutt, seier Solli. Han trur det kjem fleire utmeldingar framover.

Kjenner ikkje ordbruken

Generalsekretær Lars Arne Ryssdal kjenner seg ikkje att i ordbruken, men seier det er riktig at lokalpolitikarane har blitt oppmoda om å vere ambassadørar for partiet på andre saker enn sjukehussaka.

– For oss er det viktig at Kristiansund Høgre kjem saman og tek stilling til vegen vidare og ny leiing, seier Ryssdal.