Hopp til innhold

Livbøyer frå Ålesund har redda mange liv

Sommar med bade- og friluftsliv er dessverre også ei årstid då det skjer mange drukningsulykker. Noko som har redda over tusen liv frå drukningsdøden, blir laga i Ålesund.

Sommar med bade- og friluftsliv er dessverre også ei årstid då det skjer mange drukkningsulykker. Noko som har redda over 1000 liv frå drukningsdøden, blir laga i Ålesund.

SJÅ SAKA: Garnblåse- og fenderfabrikken Polyform i Ålesund har produsert livbøyane i nesten 50 år.

Inger Lise Aarseth Dyb med 4 år gamle Leon

TRYGGLEIK: Inger Lise Aarseth Dyb meiner livbøyar gir tryggleik. Her er ho saman med 4 år gamle Leon.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– I kvardagen tenkjer ein ikkje over at dei finst, men når du reflekterer litt over det så er det jo utruleg bra at dei er der, seier Inger Lise Aarseth Dyb som på stranda med 4 år gamle Leon.

Dei er rundt oss nesten over alt der det finst vatn, sjø, elvar eller innsjøar. I sommar kjem livbøye eller livring nummer 38 000 til å bli hengt opp ein eller annan stad her i landet.

– Det gir tryggleik, for om sommaren og våren så er det mange som grillar, vassar, badar, og leikar seg her. Skjer det ei ulykke då, så er det lett å få tak i dei og kanskje redde eit liv, seier ho.

Stor etterspørsel

Heilt sidan 1952 har eit forsikringsselskap levert ut ringane for å hindre drukningsulukker, og dei har levert dei ut gratis.

Garnblåse- og fenderfabrikken Polyform i Ålesund har produsert dei livreddande ringane i nesten 50 år.

Produksjonssjef Morten Tvervåg i Polyform

ETTERSPURT: Produksjonssjef Morten Tvervåg i Polyform seier livbøyane dei lagar blir etterspurt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er stadig vekk etterspørsel etter livbøyane, og det har sikkert med at det er veldig stor aktivitet rundt strøk som ligg nært vatn, seier produksjonssjef Morten Tvervåg i Polyform.

– Der skjer det dessverre, frå tid til anna, ting som ikkje skal skje, seier han.

– Kjekt å bidra

Mohamad Nabi Aslami

PRODUSERER: Mohamad Nabi Aslami jobbar på Polyform og er med på å produsere dei livreddande ringane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Delane til ringane blir lagt under varme og trykk i halvannan time før dei blir til ein heil og fin livbøye.

– Maskinene er solide, og det er eit trykk på rundt 150 tonn som held maskina saman medan det går føre seg, seier Tvervåg.

Kåre Håvard Sannes

KJEKT: Kåre Håvard Sannes synest det er kjekt å bidra til å redde menneskeliv.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

For Mohamad Nabi Aslami og for Kåre Håvard Sannes er det å lage ringane eit arbeid som er givande.

– Det er kjekt at eg kan bidra til å redde menneskeliv, sjølvsagt, seier Kåre Håvard Sannes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL