Hopp til innhold

Store forskjellar i livbøyedekninga

Møre og Romsdal har 10 livbøyer per 1000 innbyggjar. Nabofylket Sogn og Fjordane har meir enn det dobbelte.

Redningsbøye under flom

Livbøyeindeksen til Tryg for 2013 viser store forskjellar i landsdekninga.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Landsgjennomsnittet ligg på 7,1 livbøyer per 1000 innbyggjar.

Pressetalsmannen i Tryg Forsikring, Roald Stigum Olsen, seier det er bra at Møre og Romsdal ligg over gjennomsnittet, men at det alltids er rom for fleire.

– Ei uhøgtideleg samanlikning

Roald Stigum Olsen

Pressetalsmann i Tryg, Roald Stigum Olsen, har delt ut gratis livbøyer i over 60 år.

Foto: Tryg

I år heng meir enn 36.000 livbøyer rundt om i Norge, og aller flest finner du i Sogn og Fjordane. Der er det 21 bøyer per 1000 innbyggjarar. Det same talet på osloborgarar må dele på berre 1,38 bøyer. Det fortel 2013-oversikta over Tryg sine livbøyer.

– Indeksen er mest ei uhøgtidleg samanlikning mellom fylka, men det viktigaste er sjølvsagt å vise til at det alltid er plass til langt fleire livbøyer rundt om i landet, seier Olsen.

Rom for fleire livbøyer

Sogn og Fjordane er Møre og Romsdal eit fylke med mykje kyst- og fjordlinje. Livbøyegeneralen skulle difor gjerne sett at fylket tek igjen naboen sin i sør.

– Hamnevesenet i byane i Møre og Romsdal har vore svært gode livbøyefadderar, men vi skulle gjerne sett at grender, marinaer og fiskeplassar også set opp livbøyer, seier Stigum Olsen.

– Livbøyene gir tryggleik for alle som ferdast langs vatn og sjø. Årleg dør rundt 100 menneske som følgje av drukning og 2013 kan gi dessverre gje oss ei auke samanlikna med fjor året, åtvarer han.

Stigum Olsen håper difor fleire lærer seg korleis ein bruker livbøyer og at færre stel eller driv hærverk med den livreddande ringen.