Hopp til innhold

– Skrekken er at skulebussen skal bli tatt

Trebarnsfar Sindre Kvangarsnes frå Dalsfjorden i Volda har ikkje tal på kor mange ras han har kome forbi. I dag skjedde det igjen.

Ras i Dalsfjorden

Fredag losna det ein fjellhammar og stengde vegen i Dalsfjorden. Geolog skal sjekke fjellsida laurdag.

Foto: Sindre Kvangardsnes

Fredag losna ei stor steinblokk og stengde fylkesveg 40 mellom Åmelfot og Innselset i Dalsfjorden i Volda. Fjellhammaren har rast ned frå 4-500 meter oppe i fjellet og det er fare for at meir av fjellet skal losne.

For Sindre Kvangarsnes er steinen i vegbana slett ikkje eit uvanleg syn. Denne gongen var det ingen vitner til raset, men buldringa i fjellethøyrdest godt på andre sida av fjorden.

– Eg tillet ikkje meg sjølv å vere redd. Dette har eg lært meg å leve med, seier familiefaren. Hans største skrekk er at skulebussen skal bli tatt av ras.

LES OGSÅ:

Heldigvis ingen folk

Kvangardsnes jobbar i energibransjen og fredag var han ute på oppdrag for å sjekke kraftverka då han såg steinen.

– Eg såg fort at noko dramatisk hadde skjedd, men heldigvis var det ingen bilar på vegen då steinen rasa, seier Kvangarsnes.

Kjempar for rassikring

Han er vaksen opp i Dalsfjorden, og her er rasfaren stor.

No står han på for å få strekninga fullstendig rassikra. Mykje er allereie gjort, men framleis er delar av vegen utrygg. Den aller største faren er snøskred.

– Vi kan ikkje leve med rasfaren. Det bur folk her og dei treng ein trygg veg, seier Kvangarsnes.

Sjølv har han aldri vurdert å flytte derifrå. Han vil heller kjempe for rassikring.

Fryktar langvarig stenging

Statens vegvesen har stengt vegen på grunn av rasfare. Laurdag sender dei geolog opp i helikopter for å sjekke fjellsida.

– Vi fryktar at stenginga vert langvarig, men det gjenstår å sjå når geologen har vore der, seier Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.

Innbyggjarane er ikkje isolerte, men det er lang omkøyringsveg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL