Vinteren nærmar seg og dei som bur langs rasutsette strekningar, veit at vegane vert stengte når rasfaren er stor. No ynskjer Statens vegvesen å bruke lokalbefolkninga i større grad, for å hjelpe til med vurderingane av opning og stenging.
Audmjuke
Vegvesenet får nemleg kjeft fordi dei held er for seine med å stenge vegane og held dei stengte for lenge.
– Vi skal vere audmjuke og lytte meir til dei som bur der, seier fagleiar Kjell Haukeberg. Han meiner at lokalbefolkninga har stor kunnskap. Mange er vaksne opp i bygdene og har sikre verteikn dei ser etter.
Vil vere heilt sikker
Kvifor er de så seine med å opne vegane?
– Vi vil ofte vil vere 110 prosent trygge på at faren er over. Men ofte er det rasfare på ei side av fjorden og ikkje den andre. Framover vil vi prøve å fylgje betre med og kanskje berre stenge den eine sida, seier Haukeberg.
Bruke kjentfolk
Den rasutsette vegen rundt Dalsfjorden i Volda er blant dei stadene der vegvesenet vil opprette eit kontaktnett med kommune og lokale kjentfolk. I Stranda og Norddal har dei allereie eit samarbeid med både kommune og verksemder.
– Dalsfjorden er spesiell fordi terrenget er bratt og når det først er fare for ras der, så gjeld det mange stader og fleire av punkta er ikkje sikra, seier Haukeberg.
Fungerer dårleg
Rolleiv Hjelle frå Dalsbygda er ein av dei som gler seg til eit betre samarbeid. Han meiner det har fungert dårleg hittil og at viktig informasjon om stengde vegar ikkje når fram.
– Vi opplever ofte at bygdefolket køyrer gjennom rasutsette område for å kome til ein veg stengt av bom. Dermed må dei køyre tilbake gjennom same farane, seier Hjelle.
Held borna heime
Det er snøfonner frå dei 1000 meter høge fjellsidene som er den store risikoen for dei som ferdast her. Lokalbefolkninga veit når det er fare på ferde, og då held dei skuleborna heime.
– Det eg hadde ynskt meg var at vi fekk meldingar på mobil når vegvesenet stenger vegen og at vi kunne ha sendt meldingar på same måten når vi sjølve har gjort observasjonar som er viktig for dei, seier Hjelle.