Hopp til innhold

Arbeidsufør og invalid - skal ro til Shetland

Det har vore mykje motbakke for eventyrar Ragnar Thorseth dei siste åra. No vil han overgå gamle robragder.

Ragnar Thorseth

Her sit Ragnar Thorseth og planlegg sin første store ekspedisjon på 14 år.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Thorseth på romaskin

Ragnar Thorseth sit på romaskina si 2,5 timar om dagen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– 460 kaloriar i timen, 502 kaloriar i timen, 540 kaloriar i timen.

Han sveittar, pustar og pesar. Ragnar Thorseth er 66 år gamal og har levd eit hardt liv. No sit han på romaskina som står i stova i huset hans i Tjørvågen på Sunnmøre. Han ror jamt og trutt med blikket fokusert på skjermen som viser fart og kaloriforbruk.

– Dette gjer eg fleire gongar om dagen. Cirka 2,5 timar per døgn. Eg er i opptreningsfasen. Snart får eg den nye robåten min. Då blir det skikkeleg utetrening.

Han er i gang igjen. Den gamle eventyraren som var første nordmann til Nordpolen. Han som segla jorda rundt med vikingskipet Saga Siglar og som starta si eventyrkarriere med å ro åleine til Shetland i ein 15- fots færing som 21-åring i 1969.

Ragnar Thorseth ror til Shetland

Dagsrevyinnslag før roturen i 1969

Skal doble tidlegare bragd

Han er full av glød og engasjement når han fortel om den nye ekspedisjonen sin. Thorseth vil gjenta den legendariske roturen frå 1969. I ein identisk robåt som den han hadde den gongen. Men no vil han doble distansen. Han skal ro tilbake også. Frå Utvær, som er siste landkjenningspunkt i Noreg, og over til Out Skerries, ei øygruppe heilt aust på Shetland er det 320 kilometer. Roekspedisjonen skal skje neste sommar. Då er Ragnar 67 år og pensjonist. Og då skal han begynne livet på nytt.

– No skal eg ut og jobbe igjen. Det har tatt tid, men no har det endeleg gått opp for meg at eg ikkje kan sitje stille å vere ein pensjonert trygdemottakar. Det passar eg ikkje til, seier han og set blikket i intervjuaren med overbevisande tyngde.

– Ein seig jævel

Olav Lie Gundersen og Ragnar Thorseth

Olav Lie Gundersen og Ragnar Thorseth på boklansering

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Olav Lie Gundersen frå Averøy kjenner Thorseth godt. Han har sjølv rodd til Færøyane saman med kompisen Tommy Skeide og han har skrive biografien om Ragnar Thorseth,«Den siste viking». Gundersen veit godt kor prisgitt elementa ein er når ein legg ut i havet i ein liten robåt. Han og kompisen klarte ikkje å ro til Færøyane ved første forsøk. Då møtte dei dårleg ver og fekk problem med utstyret. Enden på visa då var at dei fekk kystvakta til å plukke dei opp. Han meiner Thorseth må vere heldig for å klare den planlagde roturen.

– Eg hadde ikkje gjort det om eg var i hans situasjon. Men Ragnar er ein seig jævel. Og han er god til å planlegge. Han har alltid ein plan B. Denne gongen trur eg dessverre det er litt mindre sikkeheitsnett. Eg er uroa. Men eg ønskjer han lykke til.

– Trur du han klarer det?

– Ingen kommentar. Eg kjenner han for godt til at eg tør å seie nei, seier han og ler hjarteleg.

Artikkelen fortsett nedanfor kartet.

Roturen til Shetland i 2015 med rofæringen «Brattholm»

Kart rotur Shetland

Var døden nær

Ragnar skulle eigentleg ha vore død for lenge sidan. Han var i mange år fast bestemt på at han ikkje skulle bli ein dag over 50 år. Han skulle leve mens han var ung. Så skulle det ikkje vere meir. Han hadde ein pistol som han skulle bruke til å ende livet med. Sånn skulle det ikkje gå.

Saga Siglar Fiji

Ragnar ville leve mens han var ung og aldri bli ein dag over 50. Her ser vi han på seglasen med Saga Siglar.

Foto: Etter avtale med Ragnar Thorseth

Men det at han lever i dag, er meir enn mange hadde forventa etter den alvorlege ulykka som skjedde for snart 14 år sidan.

Det var ein fin sommardag. Ragnar var i godt humør. Han var nyleg ferdig med ein ekspedisjon der han hadde frakta islandshestar i eit vikingskip frå Island til Noreg. Han hadde sitte ute på den gamle kyrkjegarden i Herøy og prata med Thor Heyerdahl i timevis. Han hadde fått honnør for turen som Heyerdahl hadde kalla historisk forsking av ypparste klasse.

På ettermiddagen bestemte han seg for å ri ein tur på ein av dei over 20 islandshestane han hadde på garden. Det var då det fatale skjedde.

Thorseth datt av hesten og slo seg så kraftig at det lenge stod mellom liv og død. Han var medvitslaus i ein månad. Han var lam i eine sida og hypofysen var øydelagd.

Vanskeleg å ha i hus

Vegen tilbake har ikkje vore lett. Etter to år vart han erklært 100 prosent arbeidsufør og 70 prosent medisinsk invalid. Humøret svinga veldig og han kunne bli forferdeleg sint. Det gjekk ofte ut over kona Kari.

– Ho Kari betydde vanvitig mykje. Eg vantrivdes på sjukehuset. Der fekk eg ikkje røyke og ikkje fekk eg gin og tonic. Vist ikkje ho Kari hadde tatt meg heim og tatt seg av meg så hadde det aldri gått vel.

Men Thorseth var ikkje nokon enkel pasient å ha i hus.

– Dei to første åra etter ulykka var eg temmeleg umulig av meg. Til slutt fekk ho Kari, kona mi gjennom 38 år, nok. Ho gjekk frå meg.

Gjekk ned 20 kilo då han vart forelska

Ragnar og Pen

Ragnar og den nye kona Pensri

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dei neste åra var vanskelege. Thorseth likte ikkje å vere ein arbeidsufør trygdemottakar. Han var livredd for å bli innlagd på ein sjukeheim. Det skulle ikkje skje.

– Gjennom ein legeven som eg ikkje kan seie namnet til, fekk eg resept på det blodfortynnande middelet marevan. Om du et ei boks av det og drikk ei flaske champagne, vil du få hjernebløding og døy i løpet av eit par timar. Stoffet har eg liggande og eg var tenkt til å ta det, men så møtte eg Pensri.

Ragnar og Pensri møttest i Thailand for tre år sidan. Ragnar lyser opp når han snakkar om ho.

– Ho har gitt meg eit nytt liv fullt av livsgnist og glede. Ho er så flott. Eg kallar henne berre Pen.

No er dei gifte og ho bur hos han i Tjørvåg. Men dette skjedde ikkje heilt utan vidare. Pen sette nokre vilkår.

badevekt

Vekta viser 91 kilo. Thorseth forklarar at han har ete mykje frukt og drukke mykje vatn. Eigentleg veg han 88 kilo seier han.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Eg måtte slutte å røyke og bli kvitt den store magen min. For magen var stor. Eg kunne ikkje sjå når eg pissa, langt mindre utstyret. Sjølv når eg knekte lisjekaren opp kunne eg ikkje sjå den.

Slankemetoden til Ragnar går ut på at han stort sett berre et frukt og drikk vatn. Han går ofte på tur og han ror på romaskin kvar dag.

– No har eg tatt av 20 kilo. Eg vog 108 kilo. No er eg 88.

Ragnar trekkjer pusten djupt. Han ser ut over sjøen. Han får eit alvorleg drag over ansiktet når han fortel om hendinga som skjedde dagen før nyttårsaftan i fjor. Det var den dagen Kari Thorseth, kona hans gjennom 38 år, drukna på ei strand i Pattaya. Dei hadde då vore skilt i fleire år. Men dei var gode venar og delte på eit sommarhus i Thailand. Denne dagen hadde dei sitte saman på stranda og prata om livet som var og kome fram til at dei framleis var litt glade i kvarandre.

– Det var forferdeleg trist. Eg gret og gret. Heldigvis hadde vi hatt ein god samtale den dagen. Det gjer sorga lettare å bere.

Artikkelen fortsett nedanfor biletet

Badet

Ragnar ser skeptisk på baderomsvekta. Han må nok trene litt til før han når matchvekta.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Så var det ein viktig ting til som skjedde i livet til Ragnar.

– Eg fekk eit spark i baken då eg vart spurt av Ishavsmuseet i Brandal om å lage ei utstilling av mine turar. Eg fekk ansvar for å finansiere denne utstillinga, og i løpet av eitt og eit halvt år klarte eg å få tak i 2,5 millionar kroner. Då forstod eg at eg er god for meir enn å berre sitte og vere pensjonist.

Ragnar bestemte seg for å leve medan han kan.

Klar for blemmer

Når Ragnar Thorseth bestem seg for noko går det unna i svingane. Han kontakta båtbyggjar Jakob Helseth i Bjørkedalen for kort tid sidan og no har han bygd den nye færingen "Brattholm" nesten ferdig på tre veker.

Færingen står inne i båtbyggeriet til Helseth. Det luktar furu og det er trespon i lufta. Ragnar sett seg på tofta. Han prøvar nokre åretak. Jamt og trutt. Under roturen i 1969 fekk han blemmer på hendene. Enda verre var det i baken etter å ha sitte på ei fuktig tofte i timevis. Rumpa var mildt sagt sår. Den gangen ville hovudredningssentralen stoppe han. Dei meinte turen var galskap. Det gjekk bra den gongen. Men vil det gå like bra neste år?

– Det er ikkje vanskeleg å ro. Det er snakk om trening og rutine. Eg skal ikkje ro fort. Eg skal ro lenge. Eg har bra tryggingsutstyr. Eg har ein god båt som eg kjenner godt, seier Thorseth og er ganske overbevisande der han sit.

Brattholm

Ragnar Thorseth inspiserer arbeidet på den nye færingen som vert bygd av den kjende båtbyggaren, Jakob Helseth, i Bjørkedalen på Sunnmøre. Færingen skal sjøsettast i byrjinga av mai månad.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Tok opp lån for å bygge ny båt


Båten er finansiert med lån. Det er ikkje uvanleg for Thorseth. Han er i gang med å skaffe seg sponsorar og det har han alltid vore god på.

– Avreisehamna vert i den byen der det er mest pengar å hente. Enkelt og greitt. Eg håpar på Fosnavåg. Dei midlane eg treng er peanutts for mange av dei bedriftene som held til der, seier han skråsikkert.

Båtbyggaren Jakob på 77 år ser på Ragnar med eit fascinert blikk.

– Det er best eg får betalinga før du reiser så eg er sikker på at eg får lønn for arbeidet, seier han litt ertande til eventyraren som er i full gang med å inspisere båten.

Ragnar lar seg ikkje affisere. Han ser heller ikkje humoren i denne utsegna.

– Du kan vere trygg på at du skal få betalt. Eg har alltid betalt for meg. Dette er godt handverk og det set eg pris på.

For første gang sidan den alvorlege ulykka for 14 år sidan skal eventyrar Ragnar Thorseth leggje ut på nye eventyr.

No skal Ragnar Thorseth overgå gamle robragder.

– Underhaldning er mitt yrke

Det er ikkje tvil om at Ragnar er ein stolt og eigenrådig kar. Han måler opp lengder og avstandar for kvar han kan henge solcellepanel og kvar dei mange batteria skal stå. For han treng mykje teknikk. Han skal nemleg filme heile turen. Alt skal dokumenterast. Også skal det bli dokumentarfilm. Akkurat som i gamle dagar. Det er den gamle reisekompisen Trygve Berge som skal lage filmen. Nyleg vart det klart at NRK kjem til å støtte filmprosjektet.

– Den TV-jobben eg skal gjere vert minst like krevjande som roinga. Eg skal trass alt klare å underhalde folk i 40 minutt. Eg er definitivt like mykje tv-skapar og underhaldar som eventyrar. Og desse tinga heng nøye saman.

Kanskje er «Den siste viking» tilbake der han trivast best. Som eventyrar og underhaldar. Og det er ikkje sikkert det er over neste sommar.

– Eg skal trene hardt og planlegge nøye. Det må eg. For eg skal ro til Shetland og tilbake. Og etterpå har eg planar om endå fleire eventyr.

Til eventuelle skeptikarar har Thorseth følgjande beskjed:

– Eg har mykje meir erfaring enn eg hadde då eg var 20 år. Dette skal eg klare. Det handlar ikkje om flaks, men om god planlegging. Det kan eg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL