Hopp til innhold

- Draumen var å leve av eventyret

Han hadde sigla verda rundt med vikingskipet "Saga Siglar". I dag er det 25 år sidan han kom heim etter seglasen. Gjennom jordomseglinga ville Ragnar Thorseth vise at vikingane ikkje berre var berserkar og råtassar.

Han hadde ein draum om å skape eigne opplevingar så store, at han kunne fange interesse hjå heile det norske folket. Opplevingane skulle vere så store at han kunne skape eit levebrød ut av å dele opplevingane med andre, gjennom bøker og film.

– Nokre likar å kalle meg ein eventyrar. Men eg bestemte meg tidleg i livet for at eg ville gjere opplevingar til eit levebrød. Eg rodde frå Noreg til Shetland i 1969. Det var testen på om eg var i stand til å gjennomføre ekstraordinære reiser. Jordomseglinga med «Saga Siglar» blei realiseringa av den store draumen, fortel Ragnar Thorseth.

– Men har du vore først og fremst eventyrar, eller forretningsmann?

– Eg har vel vore begge deler. Eg var journalist, og ville ikkje berre skrive om andre sine opplevingar. Eg ville skrive og lage film om eigne opplevingar også. Draumen var også å kunne leve av eventyret. For meg var det godt å kunne leve livet på denne måten.

Video MAI 326 Oslo: " Saga Siglar " legger til Honnørbrygga

Saga Siglar kjem inn Oslo-fjorden og legg til ved Honnørbrygga. Ragnar Thorseth har gjennomført verdsomseglinga med vikingskipet.

Folkehav på brennheit sommardag

Det var ein brennheit Oslo-sommardag som tok i mot «Saga Siglar», Ragnar Thorseth og resten av mannskapet den 22. juni for 25 år sidan. Det var eit folkehav som var samla langs kaiene ved Rådhusplassen. Under jordomseglinga hadde «Saga Siglar» vore på ei rekkje TV-kanalar verda over, og pressa både her heime og i utlandet følgde seglasen.

– Det var stort å segle inn fjorden mot Oslo. Det var mykje folk som tok imot oss, og det blei gjort stor stas på oss. På kaia blei vi mottekne av ordførar i Oslo, Albert Nordengen. Men det var ikkje noko punktum som blei sett der. Vi var ikkje ferdige før vi gjekk i land heime i Myrvågane på Sunnmøre, seier Thorseth.

– Men det var ein stor dag dette også?

– Jada, det var det absolutt. Og det vekte stor merksemd i media. Vi var forresten mykje i media heile vegen. Vi opplevde det slik at jordomseglinga med eit vikingskip var noko som interesserte folk.

Reiserute Saga Siglar
Foto: Grafikk: Tuva Tagseth / NRK

Delte konnøl med Kongen

Ragnar Thorseth og Saga Siglar starta den 700 dagar lange ferda kongeleg. 16. juni 1984 delte Kong Olav og Ragnar Thorseth eit kuhorn med konnøl på staden der slaget ved Fimreite i Sogndal sto.

– Ja takk, men supen må vere liten. Det er enno tidleg på dag, skal Kong Olav ha sagt, då Ragnar Thorseth baud Kongen på øl.

Både Kongen, Ragnar Thorseth og «Saga Siglar» var inviterte for å markere 800-årsjubileet for slaget på Fimreite.

– Skriv gjerne om møtet med Kong Olav, seier Thorseth. Kongen var verkeleg ein flott kar. Likare gjest kunne vi ikkje ha hatt for å ønskje oss lukke til på ferda jorda rundt.

Kong Olav og Ragnar Thorseth

- Kong Olav var ein flott kar, seier Ragnar Thorseth. Kong Olav var ein av fleire statsoverhovud han fekk møte under reisene sine. Dette er frå 800-års-jubiléet for slaget på Fimreite i 1984.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Tøff seglas

Bileta frå «Saga Siglar»-seglasen som har festa seg mest på netthinna, handlar oftast om idylliske dagar i Karibia, i Polynesia og innseglingane til New York og Sydney. Men seglasen var til tider tøff. Både vêret og dei mellommenneskelege forholda i båten sette mannskap og familie på prøve.

Det meste om dette har vore sagt før, og folk kan gjerne lese om det i bøkene. Eg snakkar ikkje så gjerne om dette no, seier Ragnar Thorseth.

I boka «Den siste viking» av Olav Lie Gundersen, kan vi lese at det var tøffe tak både internt i familien Thorseth, og også blant mannskapet. Både kona Kari og sønene Eirik og Njål var med seglasen i lange periodar. Nokre av mannskapet blei bytt ut undervegs.

Video c5eb6fa3-5157-46d4-8ffa-e460919c3842.jpg

Saga Siglar har kome til Galapagos i 1985. Kari Thorseth fortel om livet på Saga Siglar, og gutane Eirik og Njål fortel om skulegang og sjøsjuke.

Kritisk i Atlanteren

Ragnar Thorseth snakkar i dag lettare om stormane som naturen baud på under seglasen. På eitt tidspunkt vurderte han situasjonen som kritisk. «Saga Siglar» var då på veg frå Grønland til Amerika.

– Vi hadde både storm og orkan mellom Grønland og Labrador. Då var det så ille at vi var redde for at det kom til å gå gale. Men det gjekk bra, båten oppførte seg slik han skulle, og vi hadde dyktig mannskap. Då vi kom ut av dette følte vi at vi verkeleg hadde fått testa oss og var klar til å ta imot nye stormar om dei skulle kome.

Det var her de var nærast ein kritisk fase i seglasen?

– Ja. Atlanteren var verst. Stillehavet var rein plankekøyring. Det var stødig fin vind. Utan samanlikning var Atlanteren det tøffaste området vi sigla i.

– New York og Sydney var toppen

Av alle stadene «Saga Siglar» var innom, er New York og Sydney dei to stoppestadene Ragnar Thorseth set høgast. Vikingskipet blei møtt med ein storslått seremoni ved South Street Seaport Museum, og det var fleire oppslag i dei store TV-kanalane.

– Det var spesielt å segle inn til New York, under Fridomsstatua og bli møtt med båtar og vasskanonar. Å segle inn til Sydney var også ein fantastisk oppleving. Det var hundrevis av båtar som møtte oss.

Video Siga Siglar i Sydney i 1985

Til nasjonalromantisk norsk musikk seglar Saga Siglar inn til hamna i Sydney. Dette var eit av toppunkta under seglasen.

Vi viste verda kva vikingane sto for

Ragnar Thorseth, familien og mannskapet førte ikkje «Saga Siglar» berre til dei kjende vikingområda. Skipet blei ført til område der vikingane aldri sette sine bein. Aldri før hadde det vore noko vikingskip i Karibia og Polynesia.

– Formålet vårt var ikkje å vise at vikingane segla jorda rundt. Dei gjorde jo ikkje det. Men vi viste at dei for over 1000 år sidan bygde båtar som var i stand til å gjennomføre ei slik ferd. Vi visste jo at dei kryssa Atlanteren og at dei gjennomførte harde seglasar. Men eg gav meg ikkje med det, eg ville segle rundt heile verda.

– Men det var jo ganske spesielt å ta eit vikingskip langt utanfor dei områda som er kjende som vikingområde?

– Ja, men på denne måten fekk vi formidla mykje om kva slags folkeferd vikingane eigentleg var. Over heile verda har vikingane fått eit ufortent dårleg rykte, som villmenn, valdtektsmenn og ranarar. Men dei var handelsmenn og seie tids fremste sjøfolk. Tenk berre på kva dei utretta på Grønland, som i ein periode blei folka med 8000 menneske av norsk og islandsk opphav, seier Thorseth.

Marknadsføring og sponsorturar

Under arbeidet med eventyra sina, oppdaga Ragnar Thorseth tidleg at svært mange bedriftsleiarar har noko av ein eventyrar i seg. Mange av dei ønskte også sjølve å delta i litt av eventyret, og å la medarbeidarar og kundar ta del i opplevingane. Slik blei sydhavs-biten av «Saga Siglar»-seglasen ein viktig del av finansieringa av seglinga.

– Vi dreiv marknadsføring av Noreg og hadde fokus på norsk historie. Norsk næringsliv er representert langs heile ruta vår. Dermed blei det mange turar med bedrifter og sponsorar i hamnene vi kom til, både i Amerika, i Australia, i Asia og etter kvart som vi kom opp til Europa.

Video Ragnar Thorseth etter tre års jordomseiling

Saga Siglar var i Paris både i 1983 og 1986. Slik sett vart verdsomseglinga fullført då Saga Siglar kom til Paris gjennom kanalane frå Middelhavet.

Villmann og marknadsførar

I boka om Saga Siglar skriv Ragnar Thorseth at han alltid har hatt sansen for hovdingen Eirik Raude. Her skriv Thorseth at Eirik Raude var ein dyktig organisator, genial PR-mann, ein overtalar og ein førsteklasses sjømann.

Det kunne jo nesten ha vore brukt som ein omtale av deg, dette?

– Ha, ha. Vel, i mitt tilfelle har det ikkje gått liv. Eg er atskilleg svakare enn det Eirik Raude var. Men han var ein fenomenal marknadsførar. Tenk berre på at han fann på å kalle landet Grønland, sjølv om det stort sett er dekt av is. Han fekk med seg folk over dit, og etablerte eit norrønt samfunn som varte i 500 år. Han var ein flink fyr.

– Eg blei kanskje miljøskadd

Den dagen vi møter Ragnar Thorseth avfeiar han til dels snakket om at han har vore ein eventyrar og ein mann som har gjennomført store bragder. Han gjentek fleire gonger at han først og fremst ville skaffe seg eit levebrød gjennom opplevingane sine. Men han medgir at han har vore driven av sterk interesse for livet i barsk natur.

– Eg blei kanskje miljøskadd i barndommen. Eg drog tidleg på sjøen, og heime var det mykje høgtlesing av Jack London, Alexander Dumas og Helge Ingstad. Eg leste bøker om Fridtjof Nansen og Roald Amundsen. Eg hadde forbilde og fekk veldig lyst til å dra ut og oppleve eigne ting.

– Vi held framleis kontakten

Det har gått 25 år sidan «Saga Siglar» kom heim att til Noreg. Dei aller fleste av mannskapet held framleis kontakten. I september skal 25-årsjubileet markerast i beste vikingstil.

– Det var ei stor oppleving for alle oss som var med på dette. Dei fleste av oss som var med på verdsomseglinga har halde kontakten med kvarandre. Vi møtes ein gong i året. Og denne gongen skal vi feire 25-årsjubileum.

Korleis skal det feirast?

Vi møtes på Kjersemsetra i Tresfjord. Tema i år blir ikkje vikingskip, for denne gongen skal temaet vere islandshestar. Vikingskip og islandshestar høyrer saman. Eg henta jo sjølv hestar frå Island med vikingskip, og hadde tenkt å satse på dette. Men slik gjekk det ikkje.

Sterkt skadd etter fall frå islandshest

I dag er Ragnar Thorseth merka av livet han har levd. I august 2000 blei Ragnar Thorseth hardt skadd, etter at han fall av ein av islandshestane han hadde henta til Noreg med vikingskip. Han vart liggjande i koma, men han kjempa seg ut av det. Vinterhalvåret bur han stort sett i Thailand, og somrane heime i Tjørvåg.

Når vi møter han i Tjørvåg ein sommardag i juni, kan han sjå tilbake på ei verdsomsegling som vekte oppsikt for eit kvart hundreår sidan.

– Vi hadde ein idé. Vi ville gjennomføre han. Og vi gjorde det. Eg har hatt store opplevingar og levd eit liv der eg har fått opplevd mykje. Eg ville ikkje ha bytt med nokon.