Hopp til innhold

Frå fjøl til vakre tonar på fire dagar

Konsentrasjonen og strengane står i høgspenn, og sagflisene flyg veggimellom. Det er langt ifrå nokon spøk å lage eit instrument frå botnen av, på berre fire dagar!

Instrumentmakeri

Kursansvarleg Anna Gjendem og venninnene Kine Iselilja Gyldenskog og Runhild Heggem studerer folkemusikk ved Universitetet i Telemark. Dei er svært nøgde med å bli kursa i instrumentbygging av tyske Christoph Löcherbach.

Kine Iselilja Gyldenskog jobbar iherdig med instrumentet sitt, ein harpeleik. Det tradisjonsrike instrumentet med 64 strengar er langt ifrå enkelt å spele, men det skal også mykje til for å byggje det avanserte strengeinstrumentet.

– Eg vil trur at eg er blitt rimeleg flink til å strenge instrument etter å ha sett på plass 64 strengar. Det er ikkje noko eg planlegg å gjere igjen så veldig snart, seier Kine Iselilja Gyldenskog.

Christoph Löcherbach med harpeleik

Då han var unggut, fekk Christoph Löcherbach stadig vite at han var umusikalsk. Då han gav opp draumen om å bli musikar, byrja han i staden å byggje instrument.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Saman med kursansvarleg Anna Gjendem og Runhild Heggem frå lina for folkemusikk ved Universitetet i Telemark, har Iselilja i fire dagar saga, pussa, spikra, lakka og strenga sitt eige instrument.

Arrangørane av kurset var Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal og Molde bymuseum. Dei til saman elleve deltakarane på kurset i Molde kunne velje mellom fem instrument å bygge; bass, fele, harpe, harpeleik, og noko sjeldnare, ein dulcimer.

For å halde instrumentbyggekurset fekk dei tak i Christoph Löcherbach, ein kjent instrumentbyggar frå Tyskland.

– Kritikken gjorde meg målretta

Som ung skuleelev med musikalske ambisjonar, fekk Christoph Löcherbach frå Tyskland stadig vekk høyre av lærarane sine at han var umusikalsk. Det stoppa han likevel ikkje, for han valte ein annan veg for å kunne jobbe med musikk.

Arne Torvik

Arne Torvik laga ein dulcimer, eit strengeinstrument som finnast i mange forskjellige versjonar rundt om kring i verda.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Frå sin far arva han evnene som handverkar, og han fann raskt ut at han hadde eit heilt spesielt talent. Christoph byrja å lage instrumenta, når han ikkje kunne spele på dei.

– Du kan vel seie det slik at kritikken eg fekk med bakgrunn i at eg ikkje hadde så stort musikalsk talent som eg trudde, gjorde at eg måtte sjå etter andre måtar å vere musikalsk på.

– Eg jobba målretta for å bli god på å bygge instrument. No har eg jobba som instrumentbyggar i 40 år, og eg angrar ikkje akkurat på det valet, seier Christoph og humrar.

Instrumentbyggaren pensjonerte seg for nokre år sidan, og byrja difor å reise meir utanlands for å dele kunnskapane sine. Han har undervist i det sjeldne faget mellom anna i Skottland og England.

– Eg held på så lenge helsa og barnebarna mine tillet det, seier Christoph Löcherbach muntert.

Tek opp igjen tradisjonen

Erling Rørhus

Erling Rørhus vil ta opp att tradisjonen med å bygge instrument etter sin far. Han ser på kurset til Christoph Löcherbach som ein god start.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Erling Rørhus frå Molde er med i byens spelemannslag, og er instrumentbyggar på hobbybasis. Utanom fela han bygde med hjelp av instrumentbyggar Christoph Löcherbach har han frå før av byrja på ei hardingfele.

– Eg ynskjer å ta opp igjen tradisjonen med å bygge instrument. Far min var ein dyktig handverkar, og han laga instrument til mange. Det eg lærer på dette kurset blir garantert ein god start på vegen vidare, seier Erling Rørhus.