Hopp til innhold

Kripos skal etterforske Herøybrannen

Fire ungdomar miste livet i brannen desember 2008. Etterlatne har vore kritisk til etterforskinga.

Brann i Herøy kommune

Fire ungdomar omkom i brannen i Herøy i 2008. No skal Kripos etterforske saka.

Foto: Stein Arne Lilleøy / SCANPIX

Forsvarer Odd Hovde

Bistandsadvokat Odd Hovde håper at familiane får meir svar etter at etterforskinga vert gjenopptatt.

Foto: Aina Rødal / NRK

Snart fem år har gått sidan fire ungdomar miste livet 14. desember i Herøy. Det var fest i huset og mange personar skal ha gått inn og ut derifrå den natta.

Dei etterlatne har aldri klart å slå seg til ro med å ikkje få vite kva som var årsaka til brannen. Dei fryktar at brannen var påsett og har skulda politiet for mangelfull etterforsking. Saka vart lagt bort av Sunnmøre politidistrikt etter seks månader. No kjem Kripos inn i saka.

– For dei av dei etterlatne som har hatt krefter til å engasjere seg i saka, så betyr det svært mykje for dei, seier bistandsadvokat Odd Hovde.

Fekk aldri svar

Brann Herøy

Oskar Grimstad er ein av foreldra som har engasjert seg for å få saka gjenoppteke.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Det er mange ting foreldra aldri har fått svar på. Stortingsrepresentant Oskar Grimstad var ein av dei som miste barnet sitt i brannen. Dottera Kamilla vart berre 17 år og var den yngste av dei omkomne. Grimstad er ein av dei som har engasjert seg for å svar på om brannen var ei ulykke eller om den var påsett.

Ein nabo skal i vitneavhøyr sagt at ho såg ein person gå inn og ut av huset like før brannen starta.

– Vi har blitt fortalt ei historie som ikkje er sann og føler det er altfor mange lause trådar i saka, sa Grimstad til NRK i april, då han kravde at etterforskinga vart gjenoppteke.

Familiane har også fått hjelp frå ein pensjonert politimann. I mai i år bekrefta politiet at dei vil gjenoppta etterforskinga.

Startar etterforskinga no

– Forhåpentlegvis vil pårørande no få svara dei treng, seier Hovde.

Kripos har sett ned ei gruppe og vil sjå på saka innan september, har bistandsadvokaten fått opplyst.

Bekrefter ny etterforskning av dødsbrannen i Herøy

I mai stadfesta Sunnmøre politidistrikt at det vert ny etterforsking av brannen i Herøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL