Hopp til innhold

- Politiet gjorde ikkje noko straffbart

Politiet gjorde ikkje noko straffbart i samband med herøybrannen i 2008. Det har Spesialeininga for politisaker konkludert med, skriv smp.no.

Video nsps_upload_2008_12_14_18_55_11_227.jpg

Fire ungdommar omkom i brannen i Herøy 14. desember 2008. No blir politiet lokalt frikjent av Spesialeininga for politisaker.

Foto: Stein Arne Lilleøy / SCANPIX

Det var Sunnmørsposten som først fortalde tysdag ettermiddag at Spesialeininga har kome fram til at politiet ikkje gjorde noko straffbart i samband med etterforskinga av herøybrannen. 14. desember 2008 miste fire ungdommar i Herøy livet i ein brann, og dei etterlatne har i etterkant vore svært misfornøgde med etterforskinga som politiet gjorde.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad er svært skuffa over konklusjonen frå Spesialeininga. Dei frikjenner politiet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg er så skuffa at eg har problem med å akseptere det, seier Oskar Grimstad, ein av fedrane som miste barnet sitt i dødsbrannen, og talsmann for dei etterlatne.

- Grundig og omfattande etterforsking

I brevet frå Spesialeininga for politisaker står det mellom anna:

«Spesialenheten har gjennomgått sakenes dokumenter og finner ikke rimelig grunn til å iverksette etterforsking idet det ikke anses sannsynlig at ansatte i politiet har opptrådt på et vis som kan lede til straffeansvar...Samlet sett synes brannen å ha vært undergitt en grundig og omfattende etterforsking. Spesialenheten har notert seg at politiet ikke synes å ha fulgt opp de pårørende i tilstrekkelig grad med hensyn til å besvare forespørsler. Dette er uheldig, men ikke straffbart.»

Politimeisteren stadfesta mangelfull etterforsking

Både Kripos og Sunnmøre politidistrikt har tidlegare vedgått at etterforskinga var svært mangelfull. Grimstad meiner akkurat det gjer det endå vanskelegare å akseptere konklusjonen.

– Alle veit jo kva som har skjedd! Til og med politimeisteren har offentleg bede om orsaking, og så konkluderer dei med at alt er såre vel, seier Grimstad til NRK Møre og Romsdal.

– Men kva trur du er grunnen til at dei konkluderer som dei gjer?

– Eg trur dei vurderer politiarbeidet som er gjort berre i etterkant av orsakinga til politimeisteren. Då blei det gjort eit glimrande arbeid, men då hadde det jo gått mange år, og det var ikkje mogleg å oppklare saka lenger, seier han oppgitt.

Gir truleg opp saka

Tidlegare i år melde dei politiet til Spesialeininga med påstandar om grov uforstand i tenesta.

No seier Grimstad at dei truleg ikkje kan gjere meir. Han har førebels ikkje fått snakka med dei andre pårørande, og seier han er så skuffa at han tysdag ettermiddag har hatt vanskar med å samle seg nok til å skrive epost til dei andre for å informere.

– Det er som å rive skorpa av eit sår gong etter gong. Det er vanskeleg å sjå at vi kan gjere noko meir no, seier han.