Hopp til innhold

Vurderer om ein skal la oljen brenne ut

Det brenn kraftig i ein trafostasjon på Viklandet i Sunndal. Brannen førte til straumutfall hos Hydro Aluminium på Sunndalsøra og Shell på Nyhamna.

Brann i trafo på Viklandet i Sunndal

Det er stor røykutvikling og kraftig brann i trafostasjonen i Sunndal. Det er 80.000 liter kjøleolje i trafostasjonen.

Foto: Jan Erik Vangen

Brannen har pågått sidan klokka 16.15 og klokka 21.30 brenn det framleis.

Det er om lag 80.000 liter kjøleolje i trafostasjonen.

– Det er ikkje meldt om utslepp og det er ikkje fare for liv og helse, seier Arnfinn Klausen, operatør ved 110-sentralen. Brannvesen, politi, ambulanse og Statnett har sett stab og gjer fortløpande vurderingar. Det kan gå mot ei kontrollert nedbrenning, men det er ikkje tatt endeleg konklusjon.

Det har vore stor røykutvikling og kraftig brann i trafoen. Skal brannen sløkkast, må ein kople ut straumen.

– Det er høgspenning og vi kan ikkje gjere noko før straumen er tatt. Det er ein vanskeleg situasjon, seier operatør ved 110-sentralen, Sindre Kongshaug.

Det skal ikkje vere fare for spreing av brannen, sidan det er snø og vått i området.

Brannen førte til utfall av straumforsyning til Hydro Aluminum på Sunndalsøra og Shell på Nyhamna. Hydro hadde straumforsyninga tilbake etter ein drøy time. For Shell tok det litt lenger tid før forbruket deira var fullt oppe og gjekk att.

Kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Meldal, seier at dei ikkje veit kva som er brannårsaka eller kor stort skadeomfanget er.

– Straumforsyninga er litt meir sårbar enn vanleg fordi vi har ein reservemoglegheit mindre, men alle har straum att no, seier Meldal.

.