Det var i slutten av oktober i fjor at mannen frå Romsdal hadde vore på fest i Oslo. Der hadde han mellom anna brukt amfetamin, hasj og narkotiske tablettar.
Om morgonen bestemte mannen seg for å sette seg i bilen og køyre heimover. Med seg i bilen hadde han ein passasjer.
Stoppa etter 50 mil
Då mannen stoppa i Nesset kommune for å sleppe av passasjeren, greidde han å sette fast bilen i ein avkøyrsel. Han kom seg laus til slutt, men etter ei kort tid møtte mannen politiet. 20-åringen vart deretter tatt med inn for blodprøvetaking.
Mannen hadde då køyrt nesten 50 mil i narkorus. Blodprøve tatt av politiet ved arrest viste innhald av klonazepam tilsvarande over 1,2 i alkoholpromille.
Svært alvorleg
Mannen erklærte seg straffskuldig då saka kom opp i Romsdal tingrett denne veka.
Retten meiner det er ekstra alvorleg at køyringa skjedde på svært trafikkerte vegar over ei lang vegstrekning og med ein passasjer i bilen.
I tillegg til fengselsstraff i 45 dagar, må han betale 50 000 kroner i bot og mistar retten til å køyre bil for alltid.