Hopp til innhold

Her kjem amerikanske slektningar for å finne Peder

Slektsturisme er den nye trenden. Amerikanske turistar med norske aner, vil sjå gamlebygda og møte fjerne slektningar.

Slektsturisme er den nye trenden. Amerikanske turistar med norske aner, vil sjå gamlebygda og møte fjerne slektningar.

Familien frå Dakota kjem med helikopter for å sjå kvar den norske bestefaren og oldefaren budde.

Amerikanske turistar

Dei amerikanske turistane fekk helse på ein fjern slektning, Ingjald Solberg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Peder Pedersen Hustadkam har vore død i 156 år. I dag kom dei amerikanske slektningane med helikopter til gravplassen på Hustad i Romsdal, for å sjå grava hans og heimstaden.

Var på cruise

– Vi er på cruise, men drog eigentleg berre for å kome nær nok til å besøke Hustad, fortel Greg Hustad frå Dakota i USA.

Å køyre tre timar i leigebil frå cruiseskipet som ligg til kai i Ålesund, hadde den amerikanske delegasjonen ikkje tid til og dermed vart løysinga å leige helikopter.

Ville sjå heimstaden

Greg Hustad

Greg Hustad og familien har i mange år drøymt om å dra til Hustad for å finne tilbake til dei norske røtene sine.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I mange år har han drøymt å dra til Noreg for å besøke staden der bestefaren Johan Anton vaks opp, før han emigrerte til USA. Tre kvarter etter landing har dei funne staden der huset til oldefar Peder stod og kyrkja der bestefaren vart døypt.

– Det er få i bygda som hugsar denne familien, men vi klarte å nøste opp i historia, seier lokalhistorier Henry Ståle Farstad.

LES OGSÅ:

Facebook og kyrkjebøker

Henry Ståle Farstad

Lokalhistorikar Henry Ståle Farstad har ved fleire høve teke imot amerikanske turistar som vil finne ut meir om den norske slekta si.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han var innleigd som guide for det amerikanske reisefølget. Dei tok kontakt med kyrkjekontoret for ei tid sidan for å få hjelp. Kyrkjeverja gav oppdraget vidare til lokalhistorikaren. Han brukte både Facebook og kyrkjebøker for å finne ut meir om Peder Pedersen Hustadkam, og hans familie.

– Dei var veldig begeistra over det dei fekk høyre og sjå, seier Henry Ståle Farstad.

Busslast med norskamerikanarar

Det er slett ikkje første gongen han tek seg av amerikanske turistar på jakt etter sine norske aner. Den gongen han hugsa aller best var då ein rikmann kom med tre fulle bussar av amerikanarar som ville sjå Hustad.

– Slektsforsking er ein fantastisk hobby, og det er slett ikkje berre vi nordmenn som vil vite kvar vi ættar frå, seier Farstad. Han tek gjerne imot fleire amerikanarar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL