Hopp til innhold

Slektsforsking har blitt trendy

NRK-serien «Kven trur du at du er» har skapt eit rush av folk som vil finne ut kvar røtene deira kjem frå. Biblioteket i Ålesund vil difor arrangerer kurs i slektsforsking.

Mariann Schjeide

Mariann Schjeide er biblioteksjef i Ålesund. No arrangerer dei kurs i slektsforsking.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Har du blått blod i årene eller ættar du kanskje frå ein kriminell? Mange vil no finne ut meir om slekta si i mange generasjonar tilbake. Spesielt har interessa vorte stor etter NRK sin serie der kjendisar finn ut kvar dei stammar frå.

– Interessa har vore stor over heile landet og vi fekk difor ideen om å sette i gong eit kurs. Yngre folk som før ikkje har drive med slektsforsking kjem til oss og vil ha hjelp, seier Mariann Schjeide.

Mariann Schjeide

Mariann Schjeide seier det er blitt populært med slektsforsking blant unge også.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Enkelt å søkje

Ho er biblioteksjef i Ålesund. Saman med Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal skal dei lære folk å søkje i kjelder på internett.

– Vi vil vise folk kor enkelt det kan vere å søkje og kva moglegheiter som finst. Til dømes er folketellinga frå 1910 er ei fin kjelde, seier Schjeide.

Ho trur at ein av grunnane til at folk vil finne ut meir om slekta si, er det flyktige samfunnet vi lever i.

– Vi er meir individualiserte i dag og dette handlar om å finne tilbake til røtene og sjå linjene, seier Schjeide.

Ho trur at mange ynskjer å få ei større forståing for kva tilhøve generasjonane før levde under.

Jan Eggum i Hvem tror du at du er?

Jan Eggum fann ut meir om slekta si i TV-serien Kven trur du at du er.

Foto: Monster Entertainment AS

Uekte barn og sjukdomar

Og den som leitar vil kunne finne mange historier om uekte barn, vanskeleg oppvekstar, sjukdomar og Amerikareiser.

Over heile landet pågår det også ein dungnad for å ta bilete av alle gravsteinar, og dermed kan du også kome over eit slikt foto.

– Det er veldig spanande å drive med slektsforsking og du får faktisk auka puls når du held på. Når du ser fjerne slektningar byrjar å ta form med namn og ei historie er det kjekt, seier Schjeide.