Alle naudetatar rykte ut etter at fire bilar kolliderte på Sjukenesstranda i Sula tysdag morgon.
Fire personar involverte
Dei fire personane som var involverte i ulykka er sende til legevakta for sjekk, og ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om større personskadar.
– Det var fire personar i bilane og ingen av dei skal ha fått større skadar, fortel operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt til NRK.
Politiet melde om ulykka på Twitter klokka 08:44.
Skapte hinder
Ein bilførar i 50-åra vart fråteken førarkortet for å ha forårsaka ulykka. Vedkomande hadde mist last frå hengaren sin, køyrd til sida og skapte dermed eit uventa hinder.
Ulykka oppstod ved påkøyring bakfrå og det vart ein kjedekollisjon.
Trafikale problem
Morgontrafikken stoppa opp som følgje av ulykka og det førte til lange køar.
– Ulykka har medført ein del trafikale problem, fortel operasjonsleiar Trygve Ødegård.
Klokka 09:20 opplyser NRK sin reporter på staden at det eine køyrefeltet er opna og at det ser ut som køane har byrja å løyse seg opp.
Klokka 10.44 melder politiet på Twitter at vegen er open.