Hopp til innhold

Redder utdøande strikketeknikk

For ti år sidan kom Mette Hovden frå Valldal over ein gamal strikketeknikk. No prøvar ho å lære fleire før ingen kan lenger.

Mette Hovden frå Valldal kom over ein gamal strikke-teknikk som gav ekstra fine sokker. Men etter å ha strikka utallige par, var ho klar for noko nytt. Jakta på nye oppskrifter blei vanskelegare enn ho trudde. No har ho laga eigne oppskrifter og skrevet bok om det som viste seg å være ein utrydningstruga strikketeknikk

Den strikkeglade norddalskvinna syns den gamle strikketeknikken gav ekstra fine sokkar. Og etter å ha strikka tallause par, var ho klar for å avansere. Men jakta på nye oppskrifter i den gamle strikketeknikken blei langt vanskelegare enn ho trudde.

– Kontstrikk liknar utsjåandemessig på neverfletting og er ein teknikk som opphavleg kjem frå Finnskogen, seier Mette Hovden. På svensk heiter det neverstrikking, som kanskje er litt meir forklarande.

I ferd med å gå i gløymeboka

Etter ti år har Hovden laga eigne oppskrifter og skrive bok om det som viste seg å vere ein utrydningstruga strikketeknikk.

Ny bok om Kontstrikk

Nye oppskrifter av gammal teknikk.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– For å gjere dette rett, skal ein strikke med retta mot seg heile tida, både frå venstre mot høgre, og omvendt, forklarer ho.

Brukt i bryllaup

Ifølgje Mette Hovden var kvinnene som kunne den spesielle teknikken høgt verdsette. For det var ikkje alle som fekk det til, sjølv om Hovden forklarer at det slett ikkje er vanskeleg.

– Teknikken var populær når ein skulle strikke plagg til ein brudgom og familien hans ved bryllaup, seier Mette Hovden.

Opp gjennom åra har ho ofte tenkt på at dette er noko som ho vil dele med andre. Ilag med systra Heidi Eikland har dei no fått det til, og i januar kom boka.

Prøvar å blåse nytt liv i gamalt

Nye oppskrifter av gammal teknikk

Mette Hovden med ny bok om kontstrikk, som er ein utrydningstruga strikketeknikk.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Kontstrikk er ein av fleire "utrydningstrua" teknikkar som Norges Husflidslag no prøvar å få liv i. Husflidskonsulent i Akershus Anne Guri Gunnerød seier det er fantastisk at Mette Hovden tek tak i den gamle teknikken og lagar nye oppskrifter.

– På den måten så kan vi halde liv i dei gamle teknikkane, seier ho.

Gunnerød meiner det no hastar med å ta vare på mange av dei lokale variantane av handarbeid. Mykje kunnskap er i ferd med å dø ut.

Håper fleire kastar seg på

Norges Husflidslag har sjølv gitt ut ei bok som heiter "Kontstrikk", laga av Ruth Gullbekk Bolstad. Ved at det no har kome ei ny bok, håper Anne Guri Gunnerød vil gjere at fleire oppdagar dei gamle teknikkane.

– Det er så mykje vakkert, seier Mette Hovden, som håper fleire vil leike seg med dei gamle teknikkane.

Sjølv er ho ikkje ferdig med å jakte på nye oppskrifter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL