Hopp til innhold

I dag blir det varmt!

Ut og nyt fineveret! I dag er det venta blå himmel og temperaturar opp mot 20 grader fleire stader i Møre og Romsdal.

SOMMER

Kanskje er det dagen for å unne seg ein is i sola?

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Blå himmel

Fineversskyer og blå himmel.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Det er eit kjærkome syn for dei fleste: Kvite skyer dryssa lett over ein blå himmel. Alt tidleg i dag blei det meldt om temperaturar på både 15 og 16 grader. Og utover dagen skal det altså stige.

– Ja, det blir nok ein mild dag med skiftande bris dei fleste stader i Møre og Romsdal, seier statsmeteorolog Mette Sundvor Skjerdal.

Sunndalsøra varmast i landet

Mette Sundvor Skjerdal

Mette Sunvor Skjerdal er statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Pressefoto

Tysdag kunne Sunndalsøra skilte med dei høgaste temperaturane i landet, med 17 grader. Meteorologen trur det fort kan bli like varmt i dag.

– Ja, det er ikkje usannsynleg. Det ser ut for at både Sunndalsøra og fleire stader kan kome godt opp mot dei temperaturane.

Ho seier dei vil bli lange periodar med sol over heile fylket, og at det dei fleste stader vil vare til godt ut på kvelden.

Men vil det vare ...?

Sol og skiftande bris, altså. Men nokre stader kan det også bli regn i ettermiddag.

– Vi ser at det er utrygt for byer lengst nord i fylket, seier Sundvor Skjerdal.

– Og då kan det bli torever saman med nedbøren også.

Torsdagen skal også starte fint. Men nokon varme kan meteorologen ikkje love.

– Det blir stort sett opphaldsvêr i morgon, men utpå ettermiddagen kan det bli byer og då vil nok også temperaturane falle.

Sjekk temperaturane der du er på yr.no.