Hopp til innhold

Håper at oppturen varer til neste år

I år er historias beste sjømatår og klippfiskeksporten har hatt ein formidabel auke. På Ellingsøya jublar dei over gode tider og håper trenden vil halde fram.

Klippfiskproduksjon ved Nils Sperre

Ved bedrifta Nils Sperre på Ellingsøya går klippfiskproduksjonen for fullt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Klippfisk frå Nils Sperre

Eksporten av klippfisk i november auka med 65 prosent samanlikna med same periode i fjor. Også på Nils Sperre har det vore eit godt år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Klippfiskprodusentane ligg på rekke og rad på Ellingsøya i Ålesund. Verksemda Nils Sperre starta med å tørke klippfisk på berga for over 90 år sidan. I dag er det langt meir moderne metodar som vert brukt. I eit enormt kar ligg frosen fisk til tining. Den fisken skal inn i produksjon i morgon. Salssjef Harald Sperre er oppvaksen med klippfisk og forklarar ivrig.

– Her flekker vi fisken gjennom flekkemaskiner og så syg vi ut blodet og blodflekkane med vakuum, fortel Sperre.

Verksemda har rundt 160 tilsette, som i tillegg til klippfiskproduksjon også arbeider med sild og makrell.

LES OGSÅ:

Klippfisk til jul

Harald Sperre

Harald Sperre er salssjef ved verksemda. Han er oppvaksen med klippfisk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tal frå Norsk sjømatråd viser at klippfiskeksporten auka med 164 millionar kroner i november. Det betyr ein auke på 65 prosent i høve november i fjor. Tradisjonen med å servere klippfisk til jul i Portugal er noko av forklaringa. Ved Nils Sperre har dei tenkt på jul heilt sidan september. Då starta dei å sende klippfisken til Brasil og Portugal, slik at den skulle kome fram tidsnok for sal i butikkane.

– Vi har hatt ein travel haust og framleis er det travelt fordi det er manko på torsk i Portugal. Deadline for at dei skal få fisken til jul er neste veke, seier Sperre.

Sel til Vest-Afrika

Klippfisk frå Nils Sperre

Denne fisken er ferdigpakka og klar for å bli sendt til Vest-Afrika.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er ikkje berre dei tradisjonelle klippfisknasjonane som kjøper varer frå sunnmørsbedrifta. No handlar også Vest-Afrika mykje klippfisk og Sperre trur det vert meir i framtida.

Harald Sperre meiner at grunnen til at klippfiskeksporten aukar er at kvotane på torsk er større og at verksemdene dermed har meir råstoff å produsere av.

– Dei to siste åra har prisnivået på innkjøp vore så fornuftig at vi har fått fleire marknadar. Det er ikkje berre dei høgst betalande vi har måtte satse på, seier Sperre.

Etter hans syn trengde næringa ein opptur og han håper at kvotane vil halde seg på same nivå neste år, slik at 2015 også blir bra.

– I denne bransjen har vi alltid vore optimistar og vi lever og andar for arbeidet, seier Sperre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL