Hopp til innhold

Fleire mister jobben i Devold

Ullprodusenten Devold flyttar lageret sitt frå Langevåg i Sula til Litauen. Dermed mister 16–17 personar jobben.

Devoldfabrikken

Dei tilsette ved Devold fekk denne veka beskjed om at lageret skal flytte til Litauen.

Foto: NRK

Denne veka fekk dei tilsette ved Devold beskjed om at lageret vert flytta og stillingane i Langevåg forsvinn. I tillegg til 12 tilsette på lageret mister også 4–6 andre personar i administrasjon og produktutvikling jobben. Administrasjonen skal framleis vere i Langevåg.

Skuffande for til dei tilsette

– Flyttinga skjer som fylgje av kostnadsnivået i Noreg. Det er meir rasjonelt å distribuere varene direkte frå Litauen der fabrikken vår ligg, seier styreleiar Knut Flakk. Han forstår at det er ei skuffande nyhende å få for dei som mister jobben.

Devold er marknadsleiande på ullundertøy og har sidan 1998 produsert varene i Litauen. Der er 300 personar tilsett. Når også lageret kjem til Litauen, vert det oppretta fleire stillingar der.

Knut Flakk

Knut Flakk er styreleiar i Devold of Norway. Han seier 2014 var eit svakt år for bedrifta.

Foto: privat

Svakt år

– Dersom vi skal behalde posisjonen vår, må vi tilpasse oss konkurransesituasjonen med dei store kjedene. Vi må kunne konkurrere på pris, seier Flakk.

Dei endelege rekneskapstala frå 2014 er ikkje klare, men Flakk seier det er ingen tvil om at det blir eit svakt år resultatmessig.