Hopp til innhold

Tone gir bort morsmjølka

I heile Møre og Romsdal er det berre Tone Paris og ei kvinne til som leverer morsmjølk til sjukehuset. For premature born er det krise.

Tone Paris

Tone Paris leverer morsmjølka som Milla ikkje drikk til sjukehuset i Ålesund. Pumpa står klar på bordet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tone Paris og Joachim Flataker

Tone Paris og Joachim Flataker er stolte foreldre til Milla. Ho vart fødd tre månader for tidleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I ei lys stove på Lerstad i Ålesund sit Tone Paris (39) og ammar vesle Milla. Det er berre to dagar sidan babyen kom heim frå sjukehus, så alt er nytt for familien på fem.

– Det er så herleg å kome heim og inn i ein normal kvardag, seier Tone. På bordet står pumpeutstyret klart. Det Milla ikkje drikk, skal andre for tidleg fødde barn få.

Fødd 12 veker for tidleg

Tone fekk alvorleg svangerskapsforgifting og i veke 28 kom Milla til verda. Jenta vog berre 1160 gram og i tre månader har neonoavdelinga på sjukehuset i Ålesund vore heimen til Milla. Foreldra fekk oppleve kor viktig det er at andre mødrer leverer mjølk til sjukehuset.

– Milla kunne ikkje drikke mi mjølk fordi eg gjekk på medisinar etter fødselen. Ho måtte få mjølk frå banken dei har, fortel Tone.

LES OGSÅ:

Tar kort tid

Trebarnsmora har pumpa seg heilt sidan fødselen, men den første tida måtte ho kaste mjølka. Då ho vart medisinfri fekk andre premature babyar overskotsmjølka.

Sjølv om dei har kome heim frå sjukehuset skal Tone halde fram med å pumpe seg. Jobben tar berre 20 minutt ekstra og mjølka puttar ho i frysaren. Når ho har samla eit lite lager, skal mjølka fraktast til frysaren på barneavdelinga.

Mjølkekrise

Karin Sørland

Karin Sørland ved mjølkebanken på sjukehuset i Ålesund håper at fleire ammande melder seg som donorar raskt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Seksjonsleiar Karin Sørland ved Ålesund sjukehus er ansvarleg for mjølkebanken og akkurat no er ho uroa. I frysaren er det nesten tomt for morsmjølk og berre to personar leverer.

– Det er krise og vi er på jakt etter fleire som kan gi mjølk, seier Sørland.

For babyane som er fødde altfor tidleg er morsmjølk eit mykje betre alternativ enn mjølkeerstatning. Morsmjølka inneheld viktige næringsstoff.

Uføreseieleg

Også Anne Grøvslien, som er ansvarleg for mjølkebanken ved Oslo universitetssjukehus, har engasjert seg for å skaffe fleire givarar i Møre og Romsdal. Ho har ei facebookside, der ho oppmodar mødrer om å melde seg. I resten av landet skal det vere nok donorar.

– Det er svært uføreseieleg. Enkelte gongar har vi rikeleg med givarar. Andre gongar er det altfor få, seier Grøvslien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL