Linus Leander Skår Fjørtoft

Linus Leander kom som ei overrasking på foreldra. No kosar dei seg med å ha ein baby i huset.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Linus Leander kom som ei overrasking

Norske kvinner ventar stadig lenger med å få barn. Jenny Ann Skår (47) hadde slutta å drøyme om å bli mor igjen. Så skjedde det uventa.

I staden for ein hektisk hotellkvardag med konferansar og gjestar har Jenny Ann Skår frå Ålesund svangerskapspermisjon og berre ein person å varte opp på dagtid. Han er åtte månadar og er meir tolmodig enn dei fleste turistar. Linus Leander kom som ei stor overrasking på foreldra. Då Jenny Ann vart saman med Knut Fjørtoft (52) håpte dei å få eit felles barn. Ho nærma seg 40 år og satsa på at det framleis skulle vere mogleg å bli gravid. Etter fleire års forsøk gav dei opp. Dei skaffa seg hund i staden og slo seg til ro med at Celine (13) vart det einaste barnet i huset.

– Linus Leander er ei gåve som eg er så heldig å få så seint i livet, seier Jenny Ann Skår.

Jenny Ann Skår og Linus Leander

Jenny Ann Skår har funne roa heime med Linus Leander. Dei to stressar minst mogleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Følte seg sjuk

Hausten 2013 gjekk ho til legen fordi ho ikkje kom seg til hektene etter influensa. Ho følte seg slapp og småkvalm. Ho hadde også småblødningar og tenkte at det var overgangsalderen som lurte i kulissane. Jenny Ann er resepsjonssjef på eit hotell i Ålesund og jobbar også som instruktør på eit treningssenter. Det var kollegaene som til slutt meinte at ho burde gå til lege for å sjekke kva som var gale. Fleire spøkte med at ho sikkert var gravid. Det spurte også legen om, men lysluggen svarte kontant nei.

Det var heilt utenkeleg etter alle år med forsøk og ho hadde trass alt blitt 46 år. Under underlivsundersøkinga merka legen at alt ikkje var normalt og meinte at det kunne tyde på cyste. Den tanken hadde streifa Jenny Ann også, men med kreft i familien frykta ho verre ting. Ho skulle ta fleire blodprøver, og medan ho venta på tur, vart urinprøva sjekka.

– Eg fekk rett og slett sjokk då legen kalla meg inn att og sa at eg var gravid, ler tobarnsmora.

Jenny Ann Skår

Linus Leander er glad i mat. I dag er det eit nytt middagsglas på menyen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sjekka fosteret

Ålesundskvinna vart så mållaus at ho ikkje klarte å fortelje det til sambuaren før dagen etter. Korleis skulle det gå å få barn i hennar alder og var barnet friskt?

Ho gret medan tankane kverna i hovudet hennar. Først morgonen etter fekk ein overraska vordande barnefar nyhenda om krabaten som var på veg.

Etter at det verste sjokket la seg, fekk Jenny Ann time på ultralyd, som viste at ho var 11 veker på veg. Kort tid seinare reiste ho til St. Olavs Hospital i Trondheim for ein grundigare sjekk av fosteret. Paret hadde tenkt på kva dei skulle gjere dersom fosteret ikkje var friskt og visste at dei kanskje måtte ta stilling til om svangerskapet skulle avbrytast. Sjølv miste 47-åringen foreldra tidleg og fungerte i ung alder som fostermor for to yngre brør. Jenny Ann ville ikkje sette dottera Celine i same situasjon, der ho etter kvart måtte ha ansvar for eit eventuelt funksjonshemma søsken.

– Heldigvis såg alt fint ut og utover i svangerskapet var forma heilt topp, seier Jenny Ann.

Ho våga likevel ikkje gle seg for tidleg, og kjøpte berre inn det mest naudsynte, som barnevogn og litt klede, før fødselen.

Jenny Ann Skår med barna sine

Jenny Ann Skår trudde lenge at Celine (13) kom til å vere åleinebarn. No er dei ein familie på fire og skal byggje på huset.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kvinner ventar med baby

Aldri før har gjennomsnittsalderen på førstegongsfødande i Noreg vore høgare enn no. I 2013 var gjennomsnittsalderen på kvinner som fekk sitt første barn 28, 6 år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Gjennomsnittsalderen på alle fødande var 30,5 år. Til samanlikning var gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande 24,3 i 1985.

Lina Herstad er gynekolog ved Spesialistsenteret Pilestredet Park i Oslo. Ho er også forskar. Herstad møter stadig pasientar som har problem med å bli gravide, fordi dei har venta for lenge. At kvinnene er friske og godt trente, hjelper lite dersom dei har for få egg. Forsking viser at etter 35 årsalderen blir talet på egg redusert og fleire egg har nedsett kvalitet.

– Det er ikkje alle som er klar over det og trur det er lett å bli gravide. Det er berre eit fåtal av kvinnene som kan bli gravide i ein alder av 47, seier Herstad.

Vanskeleg med prøverør

Også det å bli gravid gjennom prøverørsbehandling er vanskeleg dersom kvinna har få egg sjølv. Herstad opplever at stadig fleire drar til utlandet for å få eggdonasjon, sjølv om slik behandling ikkje er lov i Noreg. Sjansane er større med eggdonasjon, fordi egget kjem frå ei yngre kvinne.

I forskinga si ser gynekolog Lina Herstad at halvparten av dei gravide som er over 40 år, er friske og har eit normalt svangerskap og normal fødsel.

– Den største risikoen for eldre kvinner er svangerskapsdiabetes og høgt blodtrykk, seier Herstad.

Fødselen kan gå treigare

Dersom eldre kvinner går over termin, fungerer også morkaka dårlegare. Difor har det dei siste åra blitt sett større fokus på at eldre gravide ikkje skal gå meir enn ei veke over tida. Med mors aukande alder er det gradvis større sjanse for at barnet må bli forløyst med keisarsnitt.

– Fødselen går ofte litt treigare, fordi livmormuskelen fungerer dårlegare, seier Herstad. Det positive er at det går bra for dei aller fleste kvinnene som er så heldige at dei blir gravide i høg alder.

–Kan ein finne ut kor lenge ei kvinne er fruktbar?

– Det finst ingen gode måtar å sjekke kor lenge ei kvinne kan vente med å få barn. Ei blodprøve kan seie noko om eggreservane, men viser ikkje kor lenge kvinna er fruktbar, seier Herstad. Hennar hovudråd er prøve å få barna du vil ha litt tidlegare. På den måten er sjansane større til å få så mange barn som du har lyst på.

Fleire eldre får barn

Konsekvensen av at kvinner får barn seinare i livet, kan vere at dei dermed ikkje rekk å få så mange barn dei hadde tenkt.

– Slik vi ser det er det liten grunn til uro. Sjølv om kvinner får sitt første barn seinare, er talet på barn kvinnene får, relativt stabilt, seier Lars Dommermuth ved Statistisk sentralbyrå. Då kvinnene fødd mellom 1953 og 1968 var 45 år gamle, hadde dei i snitt fått to barn kvar.

Tendensen dei siste åra er at dei under 30 år får færre barn, medan talet på dei over 30 år aukar. I 2013 låg dei samla fruktbarheitstala på 1,78 barn per kvinne.

Vatnet gjekk på trening

Linus Leander har mist tolmodet på golvet og magen rumlar. Når mamma finn fram middagsglaset og set det inn i mikrobølgeomnen, ropar han høgt for å fortelje at det hastar. I dag er det ein ny sort som står på menyen og den inneheld klumpar. Linus Leander er glad i mat og sjølv om han brekker seg av dei uvande klumpane, vil han ha meir.

Babyen var klar til å helse på verda tre veker før tida og skapte litt dramatikk også. Mamma Jenny Ann hadde sin aller siste instruktørtime på treningssenteret, då fostervatnet fossa utover golvet framfor sjokkerte kundar. Ein kollega tok over og den gravide vart henta med ambulanse. Dagen etter vart fødselen sett i gong, fordi riene ikkje kom. Det spente paret fekk beskjed om at det kunne ta to-tre dagar før det skjedde noko, og storesøster Celine var kjempespent. Eit par timar etter igangsettinga sende Jenny Ann heim Knut og dottera, og lovde at ho skulle ta kontakt med ein gong ho kjente noko. Dei hadde knapt nok rukke å kome heim før riene auka på.

– Eg måtte halde att slik at Knut skulle rekke fødselen. Det gjekk akkurat, fortel Jenny Ann.

Celine Skår With med lillebror Linus Leander

Celine Skår With syntest først at det var flaut at mamma var gravid. No er det stas med ein veslebror.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Flaut for storesøster

Klokka er 15 og storesøster Celine kjem heim frå ungdomsskulen. Veslebror kjenner lydane av stega hennar i trappa godt og hyler av glede. 13-åringen har alltid ynskt seg sysken, men syntest det var pinleg at mora skulle bli gravid i så høg alder.

– Det går bra no, men eg trur det kan bli flaut for Linus når kompisane trur at han har med bestemora si på foreldremøte, smiler Celine.

Då Jenny Ann Skår vart gravid første gong, var ho allereie godt vaksen. For henne var det eit bevisst val å vente med å få barn, sidan ho hadde vore fostermor for brørne sine. I ein alder av 34 år følte ho seg likevel ung. No er ho eldre enn alle andre som er ute og trillar barnevogn, men tenkjer ikkje på seg sjølv som gamal. Fleire av venninnene hennar har tenåringsbarn og nokre har endå til blitt besteforeldre. Når Linus Leander blir konfirmert, kan mamma gå av med aldersfesta pensjon dersom ho vil det.

Jenny Ann trur at det kan vere nokre fordelar med å vere moden. Ikkje berre er hus og jobb i orden. Ho har også fått opplevd mykje og reist det ho ynskjer. Jaget etter meir er borte.

– Eg har ei heilt anna ro. No kosar eg meg berre heime og stressar ikkje for å rekkje alt, seier 47-åringen.