Hopp til innhold

Får ikkje selt unna tømmer

Rekordhogst i skogen gjer at tømmermarknadet er metta. No står kostbare skogsmaskiner stille og for enkelte er det tøft økonomisk.

Hogst

Det har blitt hogt meir tømmer i skogane enn det finst kjøparar til.

Foto: Trond Berg / NRK

Det har blitt hogt meir tømmer i skogane i Møre og Romsdal enn det finst kjøparar til. Dermed er det full stans i hogsten til ein får selt unna. Det viktige no er å ta vare på alt tømmeret ein allereie har hogt, så det ikkje forfell av insekt og rote, seier skogbruksleiar Knut Edvart Grøtta i Allskog.

– Dei siste åra har hogsten auka og hos kjøparane er det fullt. Det betyr at du kan ikkje kome med fleire lass, seier Grøtta.

Tøft økonomisk

Knut Edvart Grøtta

Knut Edvart Grøtta i Allskog seier at det er tøft for enkelte entreprenørar no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nærare 40 hogstlag har vore i skogen sidan nyttår og fått meldingar om full stopp etter påske. Truleg vert det stille i heile april. Utfordringa er å finne ein god balanse mellom hogsten i skogen og kva marknaden kan ta unna. Tidlegare har lokale tømmerhoggarar stort sett fått levert tømmer når dei ville, fordi det ikkje vart hogt så mykje.

Det største problemet vert no for entreprenørane som vert gåande utan arbeid med kostbare skogsmaskiner som står stille.

– Det er klart at dei som har blitt oppmoda om å auke produksjonen, har det tøft økonomisk. Samstundes er jo tømmeret hogd og dei har fått betaling, seier Grøtta.

Ein del av entreprenørane har skaffa seg anna arbeid med å rydde langs vegar, jarnebane eller dyrkingsfelt. Andre har tatt ut ferie eller brukar tida på overhaling av maskinene.