Ulykka skjedde 10.45 måndag på fv. 661 sør for Skodjebrua.
– Fire personar skal vere lettare skadd i utforkøyringa, opplyser John Bratland, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.
Både politi, brann og ambulanse rykka ut til staden.
Seks passasjerar i bussen
Rutebussen køyrde strekninga mellom Brattvåg og Moa, og var på veg frå Brattvåg då ulykka skjedde. Det var totalt 16 personar i bussen, inkludert bussjåføren.
Klokka 11.00 kunne Bratland fortelje at alle passasjerane hadde blitt henta ut av bussen og hadde fått tilsyn av lege.
Det er framleis ukjent kva som er årsaka til utforkøyringa.
Ein personbil skal ha blitt sneia av bussen i det ulykka skjedde, men det skal berre vere materielle skader på bilen.
Politiet skal gjere undersøkingar på staden, og saka blir etterforska.
Trafikken blir dirigert manuelt forbi ulykkesstaden.