Hopp til innhold

Måndag startar billettsalet til cupfinalen

8267 er talet Moldetilhengarar må merke seg. Så mange billettar blir tilgjengeleg for dei når Molde møter Odd på Ullevaal 23. november.

Molde fotballklubb

Det blir kamp om billettane før cupfinalen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Det er Norges Fotballforbund som tildeler tilgjengelege billettar til dei to laga som skal i elden. Og fredag ettermiddag blei det altså klart at vel 8263 plassar på Ullevaal stadion er sett av til dei blåkvite frå Molde.

Salet opnar måndag

I følgje MFK sine nettsider blir 3700 av desse slept på privatmarkedet, det vil seie at dei som har sesongkort kan søke om å få kjøpe like mange billettar som dei har kort.

Salet av billettar opnar måndag 6. oktober klokka 9, og held ope til fredag 17.oktober klokka 12. I denne perioden kan alle som ønskjer å kjøpe billett registrere seg.

Og skal du ha håp om å få ein plass på tribuna 23. november er oppskrifta enkel: tildelinga blir gjort etter oppmøteprosenten på stadion gjennom sesongen.

For dei som har like mange kampar vil det bli loddtrekking, opplyser MFK.

Tilsette og samarbeidspartnarar

2490 billetter blir tilgjengelege for MFK sine samarbeidspartnarar, medan 1577 går til det klubben kallar« interne grupperingar »i MFK. Det vil i praksis seie tilsette, spelarar, støtteapparat, styra, æresmedlemmar, Stadions Venner, Veteranklubben, Den blå/hvite orden, lagleiarar i breiddeavdellinga og dommarar.

200 billettar går til Tornekrattet, som i tillegg får 200 frå Norsk Supporter Allianse, heiter det på klubben sine nettsider.

Sjølve tildelinga vil skje fredag 17. oktober klokka 17. Då blir det klart kven av søkjarane som verkeleg får billett til kampen på Ullevaal.

Også billettar for ope sal

Og skulle du ikkje vere blant dei heldige, er det likevel eit håp. I følgje Norges Fotballforbund blir det lagt it 2500 billettar i tillegg til dei som blir fordelt til laga. Desse blir som tidlegare år lagt ut til fritt sal over nettet fordelt etter loddtrekking.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL