Hopp til innhold

Ber folk flytte dersom dei ikkje held ut nattevåk på grunn av høg musikk

ØRSTA PÅ SUNNMØRE (NRK): Politiet har bøtelagt rekordmange unge menn i haust fordi dei har spelt så høg musikk i bilane sine at naboane ikkje får sove. Rånarane ber klagarane busetje seg andre stader.

Råning i Ørsta

Ørsta har vore kjend i årevis for rånarmiljøet. Den siste tida har politiet slått hardt ned på musikkspeling som held folk vakne.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det luktar bensin og våt asfalt på bensinstasjonen i Ørsta ein haustlaurdag. Her møtes unge menn med gamle, nedsenka bilar og breie dekk – og med musikkanlegg det går gjetord om.

I tiår etter tiår har rånekulturen prega bygda på godt og vondt, men i haust har problema auka.

– Eg hadde ikkje syns det var noko problem, eg søv gjennom det meste, seier 18 år gamle Knut-Petter Masdal.

Gunnar Oslandsbotn

Gunnar Oslandsbotn er ein av fleire i miljøet som meiner dei som er plaga av den høge musikken, kan flytte frå sentrum.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Denne veka møtte han opp i Søre Sunnmøre tingrett for å nekte på bota på 5 000 kroner for å ha køyrt gjennom sentrum om natta med svært høg musikk i bilen.

Både Masdal og kameratane syns folk som ikkje held ut den høge musikken bør flytte frå sentrum.

– Då får dei heller busetje seg ein annan stad, dersom dei syns det er slitsamt, seier Gunnar Oslandsbotn.

Rekordutskriving av bøter

Berre sidan i sommar har politiet skrive ut 15 bøter til unge menn i sunnmørskommunen, på grunn av musikkspeling frå bilane og det har aldri skjedd før.

Geir Helge Ådneram

Innsatsleiar Geir Helge Ådneram i Møre og Romsdal politidistrikt seier det er eit fåtal som øydelegg for mange ved å spele alt for høg musikk om natta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Seinast sist helg måtte politiet gripe inn for å stoppe bilistar med svært høg musikk både fredag og laurdag.

– Slik vi oppfattar det, er det nokre få som heilt bevisst gjer dette for å plage ein haug med andre, seier innsatsleiar Geir Helge Ådneram i Møre og Romsdal politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Fryktar hemn frå rånarane

Fleire naboar seier at dei har store problem med å sove om nettene, og at spelinga går føre seg både i helgane og på kvardagar. NRK har sett og høyrt på ei rekkje videoklipp av bilar som køyrer gatelangs i Ørsta med svært høg musikk til langt ut på morgonkvisten. NRK får ikkje lov å vise deler av filmklippa og ingen av naboane vil la seg intervjue. Då fryktar dei hemnaksjonar.

Fleire av dei som tilhøyrer miljøet avviser at dei hemnar seg på dei som klagar.

– Nei, dersom eg får ei klage, skrur eg berre ned, seier Adrian Borgen Varpen.

Pilotar seier dei ikkje får sove

Hovudverneombod for pilotane i Widerøe vedgår at rånarane gjer at det kan vere vanskeleg å få nok søvn når dei overnatta på hotellet i Ørsta. Det ligg berre eit steinkast frå hovudvegen gjennom sentrum.
– Det er tidleg til sengs og tidleg opp, og avbroten nattesøvn, slik vi av og til opplever i Ørsta, er svært uheldig, seier Endre Kleiven.

Stein Aam

Ordførar Stein Aam kjenner rånarkulturen frå innsida, men har lite til overs for volumet som dagens rånarar brukar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Problem for utbyggarane

Ørsta-ordføraren er sjølv gamal rånar, men er lite begeistra for volumet til dagens generasjon. Dei siste åra har det blitt bygd fleire nye leilegheiter i sentrum, og endå fleire er det planlagt.

– Denne volumknappen kunne eg tenkt meg å ha hand om, men det er ei utfordring som er vanskeleg for ein ordførar, seier Stein Aam (Sp).

Knut-Petter Masdal

Knut-Petter Masdal syns dei som klagar på musikkbråk ikkje høyrer heime i sentrum. Han og kameratane seier det alltid har vore råning i Ørsta.