Hopp til innhold

Ammoniakkskadde blir verande på sjukehus

Seks av dei ni som blei sende til sjukehus etter ammoniakklekkasjen i Ålesund i dag tidleg blir verande til observasjon over natta. Det opplyser Helse Møre og Romsdal.

Lekkasje av ammoniakk i Ålesund

Store delar av Ålesund sentrum blei tysdag sperra av etter ein ammoniakklekkasje.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ammoniakklekkasje ved Sunnmøre Meieri

Klokka 08.30 melde politiet at ammoniakklekkasjen var stoppa, men at dei held fram med å meieriet. Årssaka til ulukka er ikkje kjent. Produksjonen ved meieriet går no som normalt gjen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tre personar er utskrivne og sende heim. Dei ni blei eksponert for den farlege gassen då det lak ammoniakk frå ein tank ved Sunnmøre Meieri ved åtte-tida tysdag morgon.

AMK-lege Kristen Rasmussen ved Ålesund sjukehus fortel at skadane ein får av ammoniakk kjem an på mengda ein er utsett for, men at konsekvensane er irriterande.

Ammoniakk kan gi etseskadar

Kristen Rasmussen

AMK-lege Kristen Rasmussen seier at ingen blei alvorleg skadde etter ulukka ved meieriet i Ålesund.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Denne gongen blei ingen alvorleg skadd, men sjukehuset såg det nødvendig å setje opp eige saneringsanlegg i tillegg til det som stor på skadestaden.

– Gassen kan gi etseskadar i slimhinner og på hud, og også større problem i luftvegane, fortel legen.

Viss ein har blitt utsett for ammoniakk må ein bli vaska, spylt og reinsa for å få mest mogeleg av gassen vekk.

Etter at pasientane er vaska blir dei tatt inn og undersøkt vidare.

Viss ein er uheldig og kjem i kontakt med denne gassen kan konsekvensane bli irriterande.

Stikkande lukt

Mette Ekeland

Seniorrådgjevar ved Giftinformasjonen, Mette Ekeland, fortel at slimhinnene blir fort påverka av ammoniakk.

Foto: Privat

Mette Ekeland i Giftinformasjonen seier at gassen har ei svært karakteristisk lukt, som dei fleste har kjent viss dei har opna ei salmiakkflaske.

– Ein kan få svie og rennande nase og også hoste viss ein blir utsett for denne gassen. Men viss ein får i seg større mengder kan ein få problem med å puste, seier Ekeland.

Viss ein ikkje er spesielt eksponert vil desse symptoma gå over utover dagen, meiner Ekeland. Ho oppmodar personar som har meir enn lette plagar til å bli vurdert av helsepersonell.

Sette ikkje katastrofeberedskap

Dei som har blitt sendt til sjukehuset har varierte skadar. Dei fleste er ikkje alvorleg skadd, men legen fortel at ein av dei har fått direkte skadar i huda av gassen.

Ålesund sjukehus sette ikkje inn katastrofeberedskap etter ulukka, men dei fekk bruk for innlærte prosedyrar om gasslekkasje.

– Akkurat i dag var ikkje omfanget større enn at vi klarte å ta hand om situasjonen med vanleg bemanning, seier Rasmussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Faktaboks - Amoniakk» i nytt vindu

Ammoniakklekkasje i Ålesund

Personane som blei eksponert for gassen, blir først grovreinsa i ein saneringsbil før dei blir sendt til sjukehus.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Ni personar blei sendt til sjukehus etter ammoniakk-ulukka ved Sunnmøre Meieri i Ålesund sentrum tysdag 30.09.

AMK-lege Kristen Rasmussen seier at dei var budd på denne ulukka, og at alt gjekk bra til slutt. Han fortel kva dei har gjort etter ammoniakklekkasjen i Ålesund. Foto: Hans-Olav Landsverk.