Hopp til innhold

– VM-medalje i august er målet

– Det siste døgnet har gått med til gratulasjonar og takking, seier Felix Baldauf, etter å ha sikra seg gull i junior-EM i bryting laurdag kveld. No håper han på medalje i VM i august.

Felix Baldauf

Felix Baldauf sikra seg gull i junior-EM laurdag kveld. No satsar han mot VM i august, og OL i 2016.

Foto: Vårin Antonsen Utne/Norges bryteforbund

Felix Baldauf og Eren Gjektvik

Felix Baldauf og trenar Eren Gjektvik etter finalen laurdag kveld.

Foto: Privat

Baldauf vann finalekampen i Polen 8-0, og sikra med det sigeren i siste junior-EM han kunne vere med i.

– Det var veldig godt å toppe det med gull, seier han på telefon frå Polen.

I EM slo han fyrst ut ein rumensk brytar, deretter ein frå Tyrkia, før ein frå Aserbajdjan rauk ut i kvartfinalen. I semifinalen vart nordmøringen for sterk for ein brytar frå Georgia, og i finalen måtte kviterussaren Dzmitry Kaminski sjå seg slått 8-0.

Satsar på OL

For to år sidan gjekk det ikkje fullt like bra. Då nådde han finalen, men tapte.

– Sidan det har eg trent mykje hardare, og mykje meir enn eg gjorde fram til det. Frå og med juni i fjor har eg budd i Oslo, og trent to til tre økter dagleg. Det einaste eg har gjort er å ete, sove og trene. Før det gjekk eg på vidaregåande, så då fekk ikkje eg trent like mykje og like hardt, seier han.

Flyttinga til Oslo kom for at han skulle vere med i bryteforbundet sitt "Team2016", der 12 brytarar er med, alle med mål om å kvalifisere seg for OL i Brasil.

– Det er den store draumen, å kome med til OL, seier han.

Felix Baldauf

Felix Baldauf kunne juble etter gårsdagens kamp.

Foto: Norges bryteforbund

Håper på VM-medalje

Men fyrst blir det ei veke ferie for den ferske EM-vinnaren, før oppkøyringa tek til fram mot VM i august.

– Eg må betre forsvar mot enkelte grep fram mot VM, spesielt på hovudfall. Det kan me jobbe med neste vekene. Elles er det berre å halde formen ved like, og prøve å slå til på VM også, seier Baldauf.

Der håper han også det blir medalje.