Hopp til innhold

– Ikkje forlat dyra her

Den siste tida har vore prega av varme sommardagar og høge temperaturar. Vektarar ber no folk om å vere forsiktige med å sette att dyr i bilen.

vekter

VARMT: Temperaturane inne i bilen stig fort når sola steiker på bilruta.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Ikkje forlat dyra her. Akkurat no er det 23 grader ute og når sola kjem fram kan det fort bli 62 grader inne i bilen. Eit dyr overlever ikkje lenge i dei temperaturane, seier Sverre Horvli.

Vektaren går ein av sine mange kontrollrundar på parkeringsplassen til kjøpesenteret på Moa i Ålesund. Kvart år dør dyr som følgje av overoppheting i varme biler, og vektarane er no uroa for den varme sommaren

Leitar etter teikn

– Eg prøver å sjå etter bilar med eit lite glipp i ruta, det kan vere teikn på at det er eit dyr inne i bilen, seier Horvli.

Sverre Hovli

KONTROLL: Sverre Horvli går fleire rundar på parkeringsplassen for å sjå etter biler med dyr i.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Horvli prøvar også å leite etter utstyr som kan tyde på at det finst dyr inne i bilen, men det er ikkje alltid like lett.

– Mange av bilane har sota ruter som gjer det vanskeleg å sjå inn, då prøvar eg å høyre etter lydar, seier vektaren.

Han åtvarar bileigarar om å etterlate dyr i bilen sjølv om dei har eit gleppe i ruta.

– På dagar som i dag når det er vindstille så blir det fort varmt i bilen sjølv om ein luftar.

Vektarfirmaet har til og med utvikla eit eige skjema som dei legg att på bilruta dersom dei finn dyr i ein av bilane.

– Då skriv vi klokkeslett, temperatur og at vi var her og kontrollerte at dyret hadde det bra, seier Horvli.

Avhengig av tips

Men det er ikkje alltid det går like bra.

– Dersom vi ser at det er eit dyr inne i bilen som pesar og har problem, så vurderar vi å slå inn ei siderute. Ofte ringer vi politiet og prøvar å kome i kontakt med bileigar, seier Horvli.

Han oppmodar alle som handlar om å varsle vektarane dersom dei skulle oppdage eit dyr innestengt i ein bil. Spesielt på varme dagar.

– Parkeringsplassen er stor, så vi er avhengig av at folk varslar oss dersom dei ser noko, seier Horvli.

– Det beste er å observere dyret på avstand for å sjå om det har problem. Dersom mange samlar seg rundt bilen kan dyret fort bli stressa av den grunn, ikkje fordi den er for varm, held han fram.

Lat hunden vere att heime

Randi Myklebust og Magnus Knudsen hadde sjølv tatt turen til Moa, men hadde fått barnevakt for hunden Bianca.

Randi Myklebust

HEIME: Randi Myklebust og Magne Knudsen meiner det er betre å la hunden bli att heime.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

– Eg unngår å ha med hunden om eg skal handle. Og har eg den med så prøver eg å parkere i skuggen og let vindauget vere ope, seier Myklebust.

Knudsen er samd.

– Det er betre å la hunden vere att heime.

– Det blir fort veldig varmt inne i bilen. Vindua skaper ei drivhuseffekt, og det skal ikkje mykje til før hunden blir varm, held han fram.

Horvli støttar utsegna til Myklebust og Knudsen.

– Eg tykkjer folk må ha ein god grunn for å ta med hunden i bilen. Det er mykje betre at hunden blir att heime der han har frist luft og tilgang til mat og drikke. Ein veit aldri kor lang tid ting kan ta, seier Horvli.

– Plutseleg er det noko som tek lenger tid enn forventa, eller du blir hefta. Det kan få fatale konsekvensar, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL