Hopp til innhold

Ikkje alvorleg

Føraren av personbilen som var involvert i traikkuhellet i Rindal i ettermiddag, er sendt til sjukehuset i Orkdal for kontroll. Han skal ikkje vere alvorleg skadd. Ein varebil på veg sørover kom over i motsett køyrefelt i Høgasvingen i Rindal, og kolliderte med ein personbil som var på veg i motsett retning. Føraren av varebilen kom uskadd frå uhellet. Det er isete veg på staden og brannvesenet dirigerer trafikken. Det er ikkje mistanke om høg fart eller rus, opplyser politiet.