På ein pressekonferanse torsdag lovte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa fire milliardar årleg til rassikring på riks- og fylkesvegar. I skredfylket Møre og Romsdal er leiaren i samferdselsutvalet, Frank Sve (Frp) langt frå fornøgd.
- Dette er ikkje friske pengar. Dersom Magnhild Meltveit Kleppa er fornøgd, så har ho ingen grunn til å vere det. Det er totalt meiningslaust å kalle dette for ei satsing på rassikring, seier Frank Sve.
•
Får ikkje pengar
Storparten av vegane som er sperra av skred i dag er fylkesvegar. I følgje Frank Sve er det ikkje sett av ei einaste krone til å rassikre desse vegane.
- Her er det ikkje ei einaste krone til brorparten av vegane som er stengde i dag, seier Sve.
Røyr- Hellesylt
På strekninga Røyr-Hellesylt går det alt føre seg eit omfattande rassikringsarbeid. Arbeidet har i lang tid vore topp-prioritert av politikarane i Møre og Romsdal. Prosjektet er delt i tre byggesteg. Byggesteg nummer ein er allereie i gang, og pengane er løyvt til dette prosjektet.
I følgje Frank Sve vert pengane som Kleppa varsla i dag knytt opp mot ei tidlegare realisering av byggetrinn to.
- Men det eg fryktar no er at den endelege fullføringa med byggetrinn tre blir skyvd ut i tid. Det er i så fall totalt meiningslaust. Eg fryktar at vi igjen får ein situasjon der vi ikkje får eit kontinuerleg anleggsarbeid, men at entreprenørane må sende utstyret til andre prosjekt før dei får fullført dette rassikringsarbeidet, seier Sve.
Rassikringsplan
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa la fram planen på ein pressekonferanse i Oslo i dag. På førehand hadde politikarar både frå Møre og Romsdal og frå Nasjonal rassikringsgruppe pressa på for at det skal kome meir pengar til rassikring.
– Å bruke pengar på rassikring er god samfunnsøkonomi fordi rassikring reduserer dei ekstra kostnadane som vegstenging medfører for folk og næringsliv. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindre at det skjer ulukker, særleg for dei som dagleg må køyre på rasutsette vegar til og frå skule og arbeid, seier samderdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.