Perfekt steikt torsk

Ørjan Johannessen viser oss korleis ein lager perfekt steikt torsk.

Foto: NRK

Steikt torsk med smørsaus

-Jamn steiking og riktig temperatur er viktig for å få eit torskestykkje perfekt, seier Noregsmeister i kokkekunst Ørjan Johannessen til NRK. Her er hans oppskrift på ein perfekt steikt torsk.

Slik gjør du

Skrap skinnet på torsken og del den i 4 bitar. Ha salt og pepar på fisken. Legg den med skinnsida ned i ei panne med middels høg vame med solsikkeolje. Lat den steike i 4 minuttar før du har i smøret og kvitlauken.

Set så fisken i steikeomnen på 150ºC i 6–7 minuttar. Ta fisken ut når steikjetermometeret viser 45-48ºC.

Finhakk sjalottlauken og kok den inn med kvitvin. Ha på fiskekraft og fløyte, og kok inn til 2 dl.
Visp inn smøret og smak til med salt, pepar og sitronsaft.

Tips

Video Ørjan Johannessen lager steikt torsk med smørsaus

Hanne Kari Fossum frå Schrödingers katt besøker Måltidets hus i Stavanger og finn ut korleis ein skal lage ein perfekt steikt torsk.

Les meir: Vitskapen bak den perfekte torskemiddag

Kilde: Gastronomisk Institutt