Ørjan Venås, skredleiiar

TØFF ERFARING: Ørjan Venås veit kva han pratar om på skredkurs. Her ved Gjende i Vågå.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Da eg starta svelge snø, trudde eg det ville gå galt

VÅGÅ (NRK): Ørjan Venås var på topptur med to kameratar da dei vart tatt av skred. Det han hugsar best var at det vart så stille under snøen. Nå held han skredkurs for andre.

Ørjan Venås er i dag leiar for skredgruppa i Innlandet. Han veit kor viktig det er å vere godt førebudd. Tidleg på 2000-talet vart han tatt av skred saman med to kompisar

– Det er ei oppleving eg ikkje ynskjer at andre skal oppleve, seier Venås.

Ørjan ble tatt av snøskred. Nå holder han sjøl skredkurs.

– Plutseleg eksploderte det

Han skulle på topptur i Tamokdalen i Troms da ulykka skjedde. Staden heitte Skredbekken.

– Så det var jo ein potensiell fare der, fortel Venås.

Før dei la ut på tur tok dei derfor ei vurdering på kvar dei skulle gå.

– Men det vi ikkje hadde tenkt på var at det hadde vore lite snø, langvarig kulde og fokksnø på toppen, seier Venås.

Det vart dramatisk.

– Vi gjekk 50–60 meter, og da berre eksploderte det. Eg gjekk i midten og vart kasta baklengs, det same med den eine kameraten min. Han andre sklei utanom og vart ståande på toppen.

Han sjølv vart liggande under snøen.

– Andre gongen eg var oppe etter luft fekk eg eit kakk i bakhovudet og svelga snø. Da var eg sikker på at det ville gå gale, seier Venås.

Så vart det heilt stille.

– Da høyrde eg plutseleg at kompisen min ropte. Han hadde tatt fram sender, spade og søkestong og var klar til kameratredning.

Skredkurs i Vågå

MANGE VIL PÅ KURS: Tidlegare var det flest ulykker i Troms. Men etter at toppturtrenden kom har det vore flest ulykker i Sør-Noreg.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ofte skred etter kraftig uver

Både Ørjan og kompisen vart redda. Nå vil Ørjan lære andre kor viktig det er å ha riktig skredkunnskap.

– Er det mogleg for vanlege turfolk å skjønne kvar det kan vere skredfare?

– Om du går på tur og høyrer det typiske drønnet i snøen skal du vere på vakt. Det er lag i snøen som kollapsar. Da bør ein vite at terrenget er under 30 grader og at det er trygt.

Han fortel at skreda ofte kjem på dagane etter at det har vore kraftig uver.

– På dagar med sol og finver vil folk ut att. Men da har det ofte vore mykje snø og vindtransport i fjellet, og da går skreda, seier Venås.

I januar vart ein far og ein son tatt av snøskred i Vågå .

Stabilt i påska

I desse dagar er situasjonen stabil i Sør-Noreg, men sidan det er varmt, er det fare for våte snøskred.

Christian Jaedicke, fagansvarlig snøskred i NGI.

DE TRE S-ER: Christian Jaedicke, fagansvarleg snøskred i NGI, ber folk som skal ferdast i skredfarleg terreng om å huske dei tre S-ane når dei pakkar til turen: Søker, søkestong og spade.

Foto: PRIVAT

Om det vil vere kaldt om natta vil det slå positivt ut for snøskredfaren. Det gjer meir stabile snøtilhøve.

Over store delar av Sør-Noreg er det no faregrad 2, noko som betyr moderat fare for snøskred.

I Nord-Noreg er det ikkje så harmoniske tilhøve. Der har det vore uver den siste tida med mykje nedbør og storm, noko som sender snøskredfara over faregrad 3, betydeleg fare.

Husk på dei tre S-ane

Det aller viktigaste du bør tileigne deg om du skal ut på ski i bratt terreng i påska, er kunnskap. Og blant dei som kan mest om dette er Norges Geotekniske Institutt, NGI. Og rett mann å snakke med er Christian Jaedicke, fagansvarleg på snøskred på instituttet.

Les også: – Er du villig til å døy i dag?

– Det er tre ting som er heilt naudsynte å ha med seg. Du må ha ei sender-mottakar-eining, ei søkestong, og du må ha ein spade. Har du berre ein eller to av desse, fungerer ikkje systemet, seier snøskredeksperten.

Jaedicke seier det er heilt naudsynt å lære seg å bruke desse tre tinga, ikkje berre kjøpe dei og ha dei i botn av sekken.

– Ta eit skredkurs! Da lærar du å bruke sende-mottakaren som gjer at du vil finne dei som er tatt av skred raskt. Du vil også lære ein spesiell teknikk på korleis du skal bruke søkjestonga, og det same gjeld måten du skal grave på når du fyrst har funne den som er tatt av raset.

Ørjan Venås, skredleiiar

TRE NAUDSYNTE TING: Deltagarane lærer at dei må ha med spade, søkarstong og skredsøkar.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han seier at det også er viktig å halde på så mange personar som mogleg i nærleiken for å vere med å leite i skredet.

– Ikkje send folk vekk for å ringe naudetatane dersom det til dømes er dårleg dekning på mobilen. Søk og leit med alle som er der først, er skredekspertens råd.

Skredulykker i Norge 1975-2015

SNØSKREDOFRE: Tale på ofre for snøskred i Noreg frå 1975–2015. I 1986 omkom 22 personar: 16 av desse omkom i Vassdalen. Sidan 2009 har talet skredofre auka samanlikna med åra før.

Foto: NGI

– Folk må øve meir

Ørjan Venås i Vågå veit at dette er gode råd. Nå håper han dei han held kurs for hugsar råda han gjer på neste fjelltur.

– Folk har vorte flinkare til å kjøpe seg utstyr, men dei treng å øve meir. Dei kan til dømes øve seg med ting deg sjølve legg under snøen, seier Venås.

Snittet på omkomne på snøskred dei siste åra, ligg på åtte.

– Det er sjølsagt åtte for mange. Folk treng meir kunnskap. Det kan redde liv, seier Venås.