Hopp til innhold

UDI: – Unødvendig å splitte familiar

UDI-sjef Frode Forfang vil ha slutt på at Noreg sender mor ut av landet mens barnet er igjen i norsk fosterheim. No ber han om ei endring.

UDI-direktør Frode Forfang

UDI-sjef Frode Forfang vil at Noreg sørgjer for å leite etter omsorgsløysingar i heimlandet til familien.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Nigerias ambassadør til Noreg, Benedict Onochie Amobi, kritiserte i går at nigerianske mødre har blitt sendt ut av landet mens det norske barnevernet har overtatt omsorga for barna deira.

Barnevernet har ved fleire høve overteke omsorga for barn til foreldre som har ei uavklart utlendingssak. Det endar gjerne med eit vedtak om at foreldra blir sendt ut av landet, mens barnet er igjen i Noreg fordi barnevernet har overteke omsorga.

Fleire av desse sakene siste to åra har råka nigerianske mødre.

– I desse sakene bør vi vurdere fleire moglegheiter før vi går til det drastiske steget det er å splitte familiar, seier UDI-sjef Frode Forfang til NRK.

Unntakssituasjon i Noreg

Sjefen for Utlendingsdirektoratet meiner ein del av desse situasjonane har vore heilt unødvendige.

– Vi må innsjå at nokre av desse familiane er i ein unntakssituasjon når dei oppheld seg ulovleg eller som asylsøkjarar i Noreg. Vi kan ikkje sjå bort frå at nokre av dei problema dei har med å gje omsorg til barna sine er situasjonsbetinga, seier han.

– Det er ikkje gitt at dei vil ha dei same omsorgsproblema i heimlandet. Difor er det viktig at vi vurderer desse aspekta ved saka, seier UDI-sjefen.

Solveig Horne (Frp)
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

UDI har sjølv sett fleire eksempel på at foreldre mistar omsorga for barna sine, men får rett til samvære. Men når foreldra så ikkje får opphaldsløyve i Noreg, har fortvilte mødre og fedre i praksis mista retten til å treffe sine biologiske barn.

Økonomi, avstand og visumtrøbbel gjer at samværsretten blir teoretisk. Forfang ser difor behovet for systemendring.

Vil ha ei sentral ordning

Konkret meiner han at den kommunale barnevernstenesta ikkje bør ha lov til å fatte vedtak om omsorgsovertaking for barn i familiar som har ei uavklart utlendingssak.

Han vil ha ei sentral ordning i samarbeid mellom barnevern og utlendingsmyndigheiter, og han vil at Noreg sørgjer for å leite etter omsorgsløysingar i heimlandet til familien.

– I slike tilfelle må vi vurdere alternative omsorgsløysingar i heimlandet, for eksempel i ein utvida storfamilie, eller at barnevernsliknande system i heimlandet kan hjelpe til, seier Forfang.

Utlendingsdirektoratet har gitt innspela til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i ein høyringsrunde. UDI-sjefen ser nemleg at to norske forvaltningssystem til saman har ein praksis der Noreg dømmer familiar til å leve i kvart sitt land.

– Det er to parallelle system som snakkar for dårleg saman, seier han.

Meir kunnskap

Barne-, inkluderings- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) seier det er vanskeleg for Noreg å finne omsorgstiltak i heimlandet

– Barnevernet i Noreg har ingen myndigheit utover landegrensene, samtidig som mange av landa ikkje har eit godt nok barnevern. Likevel er det viktig å få fram at alle barn har rett til å bli verna, seier Horne.

Ho meiner det er viktig at dei som jobbar i barnevernet får meir kunnskap om minoritetsfamiliar og at familiane får meir kunnskap om norsk lov.

Horne seier de vil ta saka vidare for å sjå på korleis ein kan få til eit betre samarbeid mellom forvaltningssystema.

Det er tillitskrise mellom innvandrergrupper og barnevernet i Norge. Ministere og diplomater har engasjert seg for å omgjøre barnevernets avgjørelser. Hvordan møter Norge, UD og barnevernet disse henvendelsene - og er noe av kritikken de kommer med berettiget?

Se Brennpunkt-dokumentaren «Barnediplomatiet».