Hopp til innhold

– Ti grep kan redda norsk rettspsykiatri

Norsk rettspsykiatri har fått stygge riper i lakken etter rettssaka mot Anders Behring Breivik. Ti tiltak må raskt på plass for å redda truverda til rettspsykiatrane, meiner ekspertar.

Henning Værøy og Pål Grøndahl

Ti konkrete tiltak må til for å redda norsk rettspsykiatri, meiner psykolog Pål Grøndahl (t.v.), psykiater Henning Værøy (t.h.) og tre andre eskpertar innan psykologi, psykiatri og juss.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Då dommarane i 22. juli-rettssaka i går las opp dommen mot massedrapsmannen, var det også ein knusande dom over norsk rettspsykiatri.

Både dei sakkunnige rettspsykiatrane og Den rettsmedisinske kommisjon (DRK), som skal kvalitetssikra dei rettspsykiatriske erklæringane, fekk ein sviande smekk på lanken. Eitt av mange slag i løpet av rettssaka.

Forskar og psykolog Pål Grøndahl seier det no hastar å få på plass gjennomgripande endringar i rettspsykiatrien.

– Det hastar fordi retten treng eit trygt grunnlag for å kunne fatta dei riktige avgjerdene i straffesaker. Faren er at det skjer nye feil og at me til dømes overser enkeltpersonar som dermed får fengselsstraff sjølv om dei er veldig sjuke.

Psykologen har, saman med yrkesfelle Cato Grønnerød, jussprofessor Ulf Stridbeck og psykiatrane Harald Bauer og Henning Værøy, laga ein tipunktsplan.

Med ti konkrete tiltak (sjå heile planen nedst i artikkelen) meiner dei at det framleis er råd å redda rettspsykiatrien opp frå kneståande.

– Rettar bakar for smed

Dei færraste hadde for eitt år tilbake sterke meiningar om rettspsykiatri. Så skjedde 22. juli. Ein gjerningsmann - 77 kaldblodige drap.

Kan han få fengselsstraff?

At rettsvesenet må ta stilling til eit slikt spørsmål i ei så makaber sak, var det mange som reagerte på. Debatten gjekk ikkje mindre varm då psykiater-duoen Synne Sørheim og Torgeir Husby i november konkluderte med utilreknelegheit og følgjeleg straffefritak.

Så kom atter ei sjokkbølgje, sakkunnigpar nummer to, oppnemnt etter press frå media og opinionen, konkluderte i motsett retning.

Truverda til rettspsykiatrien nådde eit lågmål.

– Å kritisera den einskilde rettspsykiater for slett arbeid, er å retta bakar for smed. Det er lovverket og rammevilkåra som dei sakkunnige jobbar under som er altfor dårlege. Slik har det vore lenge, altfor lenge, meiner Grøndahl.

De sakkyndige i 22. juli-rettssaken

Det har storma rundt dei sakkunnige i 22. juli-rettssaka. Frå venstre: Synne Sørheim, Torgeir Husby, Terje Tørrissen og Agnar Aspaas.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Etterlyser rettspsykiatriske poliklinikkar

Av dei ti forslaga, er det to han meiner hastar meir enn andre for å gjera rettspsykiatriske vurderingar meir solide: oppretting av rettspsykiatriske poliklinikkar og ei lovendring som gir dei sakkunnige innsyn i helsejournalar utan at den tiltalte sjølv må seia ja til det.

– Det er på høg tid at me får eigne poliklinikkar, slik som i Danmark, der me ka gjera ordentlege undersøkingar. Då ville me hatt gode kontor med testmateriell tilgjengeleg, eit miljø og ein struktur som gir gode forhold for å utføra rettspsykiatriske undersøkingar, seier Grøndahl.

– Eg har sjølv opplevd å måtte gjera dette inne i fengselsceller eller heime hjå personar som er ganske forstyrra. Du seier ikkje til ein kirurg at han kan ta med seg ein skalpell og gå heim til pasienten for å operera, legg han til.

Nytt blod og færre parhestar

Ein av dei andre forfattarane bak tipunktsplanen er Henning Værøy. Han er seniorforskar og psykiater ved Avdeling for psykiatrisk forskning ved Akershus universitetssykehus.

– Det som hastar mest, er å få på plass ein truverdig rettsmedisinsk kommisjon med meir standardiserte retningslinjer å jobba etter, meiner Værøy.

Psykiateren er også uroa over rekrutteringsproblemet i norsk rettspsykiatri, og seier det hastar å få utdanna fleire rettspsykiatrar.

– Eg fryktar at rettspsykiatri vil bli venstrehandsarbeid, med nokre få entuasiastar på toppen. Me må sprøyta inn nytt blod og få inn nye folk som kan røra ved det etablerte og sjå dei gamle litt i korta. Ein gammal rev bør bli minna på at han kanskje har sett seg blind på ting.

Han viser til at omgrepet parhestar har blitt brukt fleire gonger i løpet av 22. juli-rettssaka.

– Me må skapa eit større miljø og få rettspsykiatrien på banen. Det vil gje ringverknader i form av betre kvalitet på faget og ikkje minst større rettstryggleik for folket.

Ein breid, tverrfagleg kommisjon bør sjå på heile rettspsykiatrien, og vurdera om dei sakkunnige har for store sko, meiner Værøy.

– Dei sakkunnige har i dag ganske stor makt. Tilreknelegheitsspørsmålet er ei rettsavgjerd som dommarane må ta stilling til. Mandatet til dei sakkunnige må endrast i lova, slik at dei i større grad kan driva med det dei skal driva med – sitt fagfelt.

Arne Lyng og Wenche E. Arntzen

Dommarane i rettssaka mot Anders Behring Breivik kritiserte dei første sakkunnige, blant anna for ikkje å ha sett bodskapet til tiltalte inn i ein politisk kontekst. Her er fagdommarane Arne Lyng og Wenche Arntzen under domsavseiinga 24.august.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Føreslår ti konkrete tiltak

Dette er dei ti tiltaka som kan få norsk rettspsykiatri på fote igjen, ifølgje Grøndahl og dei fire andre forfattarane:

  • Snevra inn omgrepet «utilreknelegheit»

I dag er det etter straffelova tre tilstandar som kvalifiserer til straffefritak: psykose, medvitsløyse eller høg grad av psykisk utviklingshemming. Føreslår å snevra inn til to grupper: 1) personar med klar realitetsbrist og omfattande psykose og 2) personar med alvorleg psykisk utviklingshemming.

  • Endra mandatet til dei sakkunnige

Forslaget går ut på å avgrensa oppgåvene til dei sakkunnige.

Per i dag skal dei sakkunnige vurdera om den tiltalte var psykotisk, medvitslaus eller alvorleg psykisk utviklingshemma på gjerningstidspunktet. I tillegg skal dei vurdera risikoen for nye straffbare handlingar og gje retten råd om kva slags reaksjonar dommarane bør gje gjerningspersonen.

Grøndahl&co etterlyser eit klarare skille mellom det dei sakkunnige skal svara på og det retten skal ta stilling til.

  • Krav om samanheng mellom psykose og ugjerning

Norsk lov følgjer i dag det medisinske prinsippet, som medfører automatikk mellom psykose, utilreknelegheit og følgjeleg straffefritak.

Vil innføra eit blanda / psykologisk prinsipp, som dei blant anna opererer med i Danmark og Sverige.

Det psykologiske prinsippet stiller krav om at ugjerninga var eit resultat av psykosen. Det blir også gjort ei tilleggsvurdering på om vedkommande, trass i psykose, visste kva han gjorde og/eller at denne handlinga var gal.

  • Gullstandard

Innføra standardiserte utgreiings- og testmetodar. Per i dag eksisterer det ikkje reglar for korleis ei rettspsykiatrisk undersøking skal gå føre seg, det er basert på tradisjon. Nabolanda Sverige og Danmark har slike standardar.

  • DRK må utdjupa

Dersom DRK ikkje har innvendingar til ein rettspsykiatrisk rapport, er standardformuleringa i dag «Det er ingen (vesentlege) merknader til erklæringa».

Forslag: Den rettsmedisinske kommisjon (DRK) må gje ei kortfatta men tydeleg grunngjeving av kvifor dei godkjenner/ikkje godkjenner ei sakkunnigeerklæring.

Dette vil gje retten innsikt i korleis kommisjonen har tenkt, og eventuell usemje vil koma til syne.

  • Lovfesta rett til innsyn

Lova må endrast, slik at dei sakkunnige i alvorlege saker ikkje treng samtykke frå den tiltalte for å få tilgang til helsejournalane.

  • Spesialisering

Innføra spesialitetar i sakkunnigheit for psykologar og psykiatrar. Krav om kursing og godkjenning for å kunne få sakkunnig-mandat. Tanken er å heva standarden på det rettspsykiatriske arbeidet.

  • Eige institutt

Rettspsykiatri bør få organisatoriske rammer på lik linje med dei andre rettsmedisinske greinene. Rettspsykiatri er i dag ikkje underlagt eit eige instiutt eller ei fageining med ansvar for rekruttering, retningslinjer og fagutvikling.

  • Rettspsykiatriske klinikkar

Dei sakkunnige bør utføra observasjonar i standardiserte miljø som til dømes rettspsykiatriske klinikkar. Det vil gje grundigare og meir standardiserte undersøkingar og avgrensa feilkjeldene.

  • Fagfelleråd

Oppretta eit råd av medlemmer med relevant og breid kompetanse som skal revidera eksisterande utgreiingsverktøy og metodar og koma med forslag til betringar og standardar.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.