Hopp til innhold

Verdas raskaste dyr i sakte film

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Planetens raskaste dyr er små kryp som du knapt har høyrt om. Sjå video av dei raske rørslene i sakte film.

Trudde du at verdas raskaste dyr var geparden, då må du tru om igjen. Dyra som har rekorden for raskaste rørsler er små kryp som dei færraste av oss har høyrt om.

Forskarar i USA tar i bruk høghastigheitskamera for å forklare korleis dyra når toppfart.

Å blunke er ei av dei raskaste rørslene vi menneske kan utføre. Eit blunk tar ca 0,27 sekund å utføre. Men dette er utruleg treigt samanlikna med dei raske rørslene til planetens raskaste dyr.

Sjøknelaren, eit krepsdyr som lever i havet, kan til dømes smelle til med kloa si i løpet av 30 millisekund.

Det svarar til at det vesle sjødyret kan utføre nitti slag i løpet av den tida du bruker på eit blunk!

– Vi snakkar om hastigheiter som er nesten utover det vi kan fatte, seier biolog Sheila Patek ved University of Massachusets Amherst til Science Friday.

100 000 G

Sjøknelaren klarar å utføre dette ekstreme stuntet ved å trekkje opp ei slags fjør inne i slåarmen sin.

– På denne måten klarar dyret å utføre rørsla utruleg mykje raskare enn om ho var styrt av musklar åleine, fortel Patek.

Ikkje berre det, den vesle rekeliknande skapningen treff også objektet med ei slik kraft at det svarar til 100 000 gongar tyngdekrafta vi opplever på jorda.

Krafta i slaget gjer at vatnet omkring kloa koker og gir varme som svarar til temperaturen på solas overflate.

– Det er faktisk ein del av strategien, å slå til med ei slik G-kraft at det lammar dyra, seier Patek.

Og likevel må sjøknelaren slå seg slått av ein ørliten maur med ekstremt raske kjevar, trap-jaw-mauren. Sjå videoen i ingressen og la deg imponere av verdas raskaste kjevar.