Hopp til innhold

Hevdar at bergkunst av kvinneleg kjønnsorgan er verdas eldste

To franske grupper rapporterer om å sitje på verdas eldste bergkunst. – Som å samanlikne ein lokal kunstnar med da Vinci, seier arkeolog ved UiO.

Vulva i berg

Eit kvinneleg kjønnsorgan rissa inn i stein kan vere det eldste døme på bergkunst.

Foto: Raphaëlle Bourrillon

Med ei vekes mellomrom rapporterer to konkurrerande forskargrupper om verdas eldste bergkunst, eller eldste grafiske framstilling.

Vulva i stein

Den nyaste publikasjonen er funn av grafiske framstillingar, blant anna det som skal vere eit kvinnelege kjønnsorgan, på ein nedrasa heller i Sergeac i Dordogne-området i Frankrike.

Helleren, kalla Castanet-helleren, som rasa ned for titusenar av år sidan har blitt undersøkt og datert av eit team av forskarar frå USA, Frankrike og England.

Dateringane av jordlaget som helleren ramla oppå viser at dei grafiske framstillingane, eller bergkunsten, kan vere så gamle som 37 000 år, skriv forskarane i artikkelen i Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS).

Dette viser at bergkunsten frå Castenet-helleren er like gammal eller eldre enn maleria i Chauvet-hola, hevdar arkeolog Randall White ved New York University og kollegaer i artikkelen.

– Holemaleri er verdas eldste

Ei veke tidlegare var arkeologiteamet som arbeider i den berømte Chauvet-hola i Frankrike ute med ein annan artikkel i same tidsskrift, PNAS.

Dei har gjort såkalla geomorfiske undersøkingar og klor-36-dateringar av når hola vart stengt i eit ras som stengte att den einaste inngangen inn til hola.

Dateringane viser at inngangen vart forsegla for minst 21 000 år sidan.

I tillegg har forskarane karbondateringar som indikerer at det har vore menneske i hola så tidleg som for 37 500 år sidan.

Til saman tilseier dette at holemaleria i Chauvet-grotta er dei eldste, og dei mest forseggjorte som nokon sinne er oppdaga, hevdar forskarane her.

Tidlegare har vi også skrive om eldgammal bergkunst i Cueva de Nerja i Spania, men dateringa av desse holemaleria er svært omdiskutert blant arkeologar.

Holemaleri frå Chauvet-hola i Frankrike

Holemaleri av ein bøffel frå Chauvet-hola i Ardeche i Frankrike.

Foto: HO / NTB/Scanpix

– Mest sannsynleg like gamle

– Viss den eine er yngre så snakkar vi kanskje om ein skilnad på 1000 år, men mest sannsynleg er dei om lag like gamle, seier arkeolog Sheila Coulson ved Universitetet i Oslo. Coulson er ekspert på paleolitikum, den første perioden i steinalderen.

– Poenget om å vere eldst handlar om korleis du vil tolke C-14 dateringa, og om du tar omsyn til blant anna usikkerheit i alder, seier Coulson.

– Mens teamet som arbeider med Castenet-helleren presser i retning av dei tidlegaste karbondateringane sine, kunne nok Chauvet-teamet feie dei av banen med karbondateringar viss dei ville, trur ho.

– Bergkunsten frå Castenet-helleren fortel berre det vi allereie visste, at tidlege menneske levde i dette området i Frankrike for om lag 40 000 år sidan. Det er ikkje overraskande, fortel Coulson.

Stiller i anna klasse

Arkeolog Coulson fortel at dei unike holemaleria i Chauvet-hola uansett stiller i ei heilt anna klasse enn funna frå steinhelleren i Castenet.

– Dette er som å samanlikne ein lokal kunstnar med da Vinci, seier ho.

– I Chauvet finst det for øvrig også vulva-kunst, fortel Coulson, noko ein kan sjå i Werner Herzogs 3D-film frå hola.

Sjå traileren frå Werner Herzogs Cave of Forgotten Dreams:

Kasta om på tidlegare kunnskap

Dei første menneska kom til Europa for om lag 40 000 år sidan, meiner arkeologane. Tidlegare trudde arkeologar at menneska som kom ikkje hadde utvikla kunstneriske ferdigheiter, men at dette var noko som utvikla seg over tid.

– Funnet av Chauvet-hola i 1994 kasta fullstendig om på dette, fortel Coulson.

– Dei svært sofistikerte maleria i hola viste at dei tidlege menneska kom til landet med ferdigheitene.

Kartet viser lokalisering av Chauvet-hola og Castenet-helleren med vulvakunst:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.