Hopp til innhold

Barneteikningar funne i steinalderhole

Eitt tre år gammalt barn er ein av kunstnarane bak 13 000 år gamle fingerteikningar i fransk grotte. Sjå video.

Fingerteikningar frå Rouffignac-hola

For over ti tusen år sidan laga små barn desse strekane i Rouffignac-hola i Frankrike.

Foto: Jessica Cooney and Leslie Van Gelder/University of Cambridge

Barnestemmer og latter gav sikkert nok gjenlyd inne i Rouffignac-hola i Frankrike for 13 000 år sidan.

På veggane i dette enorme holesystemet har arkeologar nemleg funne fingerteikningar laga av små barnehender.

Nokre av teikningane er frå eitt barn som er berre 2-3-år, ifølgje arkeolog Jess Cooney frå University of Cambridge.

Sjå YouTube-video frå Rouffignac-hola (saka held fram etter videoen):

Månemjølk

I hola finst det mange maleri og graveringar som føresteller menneske og ulike dyr, som blant anna nashorn og holebjørn.

Mammuten er det mest portretterte dyret i hola, noko som gjer at hola også har tilnamnet «Cave of the Hundred Mammoths» eller «Hola med dei hundre mammutar».

Men det finst også enklare teikningar i hola. Dette er såkalla fingerteikningar («finger fluting») som er snirkelaktige mønster laga av fingrar som lagar groper i kalkavleiringar på veggane.

Dei kvite, kremaktige avleiringane som blir kalla månemjølk, blir utfelt frå indre delar av grotteveggen, og er vanleg å finne i kalksteinsgrotter.

Fire barnekunstnarar

– Dei fleste kunstverka er laga av nokre få kunstnarar, berre 8–10 i alt. Og fire av desse var barn, fortel arkeolog Cooney i ein YouTube-video.

– Den mest produktive var eit barn som var om lag fem år, og vi er nesten sikre på at barnet var ei jente, seier arkeologen i ei pressemelding frå University of Cambridge.

Ei av holene i grottesystemet inneheld så mange fingerteikingar laga av barn, at dette må ha vore ein spesiell stad for dei.

– Men om hola var meint for leik, eller for eit spesielt ritual, er umogleg å seie, fortel Jess Cooney.

Trefingerbreidde

Inngang til Rouffignac-hola i Frankrike

Inngangen til Rouffignac-hola som no er open for turistar.

Foto: Sémhur/ CC

Jess Cooney og hennar kollegaer har klart å identifisere kunstnarane som står bak teikningane ved å måle breidda på fingerteikiningane. Mønstra er avsett med hjelp av dei tre midste fingrane på handa.

Cooney har nytta ein teknikk som er utvikla av dei to arkeologane Leslie Van Gelder og Kevin Sharp.

Dei tok målingar av dei tre midste fingrane, trefingerbreidden, av tusenvis av menneske av alle aldrar, og kom fram til at ein trefingerbreidde på under 34 millimeter definitivt er frå eit barn som er sju år eller yngre.

Arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen reagerer likevel på at arkeologane oppgir kjønn på dei små kunstnarane.

– Det må vere heilt umogleg å sjå skilnad på fingerteikningane til for eksempel ei 8-år gammal jente og ein 7 år gammal gut, seier arkeologen til NRK.no.

Holekunst i Noreg

–Finn vi slik steinalderkunst frå grotter i Noreg også?

– Nei, vi har ingen så gamle funn i grotter her til lands, fortel Trond Lødøen.

– Dei eldste holemaleria som er funne i Noreg er mykje yngre, dei er om lag 2000–3000 år gamle, seier arkeologen frå Universitetsmuseet i Bergen.

I Noreg finn vi først spor etter menneske etter siste istid, for om lag 10000 år sidan. Likevel treng ikkje dette tyde at det ikkje har vore menneske her også før istida.

– Vi veit at det fanst dyr som til dømes bjørn og ulv her lenge før siste istid. Vi har funne bjørn som er om lag 120 000 år gammal i ei grotte i Nordland, så det kan teoretisk også ha vore menneske her også, seier forskaren.

Kan bli øydelagt

Lødøen ser ikkje bort frå at det kan finnast spor etter menneske i norske grotter, og han er bekymra over at dei kan bli øydelagt før vi finn dei.

For nokre år sidan søkte Lødøen og andre forskarar middel frå Miljøverndepartementet for å kartleggje dei mest sårbare grottene, med tanke på å sikre viktige kjelder om både klimautvikling og menneskeleg aktivitet.

– I dag er det fritt fram for alle som vil gå inn i grottene, med mindre det er noko som tilseier at det er kulturminne der, seier Lødøen, som fortel at turistar som kjem inn i holene gjerne skriv på veggane sjølve.

– I Noreg har vi veldig mange grotter langs kysten frå Sør-Trøndelag og opp til nordlege Nordland. I Nordland finst det tusenvis av kalksteinsgrotter slik som i Rouffignac, der fleire er opptil ein halv million år gamle, seier Lødøen.

– Mange av desse kan ha potensial til å skjule både bilete og funn etter menneskes virke i fohistoria, fortel arkeologen frå Universitetsmuseet i Bergen.

Kven veit, kanskje finst det også spor etter små barnefingrar skjult i mørket i ei grotte ein stad i Noreg?


Kartet viser kvar Rouffignac-hola ligg:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.